Noreg er god på helsetenester, men...

Noreg er god på helsetenester, men eg saknar noko

Av Wenche Frantzen

Eg syns at me generelt sett har gode helsetenester i Noreg. Mange gode tilbod og dyktige fagpersonar i ulike helsefelt. Det skal me vere takksame og glade for. Men det er noko eg saknar. Eg saknar gode rehabiliteringstilbod innanfor psykisk helse. Eg saknar stader som menneske med lette og moderate psykiske lidingar kan komme til og bli litt ivaretatt i vanskelege sjukdomsperiodar. Stader å opphalde seg på ei stund når ein treng å komme seg bort frå ein kvardag som ikkje fungerer.

Av og til kan det vere godt å få ting på avstand - heilt bokstaveleg. Det kan gje eit anna pespektiv på det heile. Å få ting på avstand samstundes som ein blir litt ivaretatt og får moglegheit til å "hente seg inn igjen" kan førebyggje ei forverring av sjukdomstilstanden. Eit rehabiliteringsopphald kan bremse symptoma, og ein unngår å ende opp på psykiatrisk sjukehus. For veldig mange er det akkurat det som skjer. Mange kjempar så lenge med sine lette og moderate psykiske plager i kvardagen at det til slutt utviklar seg til å bli alvorleg. Kvifor skal det vere sånn? Kvifor skal det måtte gå så langt at ein ender opp på psykiatrisk sjukehus? Kvifor skal ein måtte bli alvorleg psykisk sjuk for å få komme til ein stad der ein kan bli ivaretatt og få ting på avstand?

Me som bur i landet Noreg, har generelt sett gode helsetenester. Men eg saknar gode døgntilbod for menneske med lette og moderate psykiske lidingar. Eg saknar moglegheit for rehabiliteringsopphald for denne pasientgruppa. Eg saknar det, fordi eg er ein av dei som tilhøyrer denne gruppa. Og eg veit at eg har mange med meg som også ønskjer seg slike tilbod.

Wenche Frantzen er leder Mental Helse Radøy og Austrheim og har sin egen blogg.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.