Møre og Romsdal

Verveveke

Etter ønskje frå leiarmøtet  bestemte sentralstyret ei fast veke for verving av medlemmer. Det vart veke 23, der alle lokallag kan vere synlege samstundes.

Lokallaga er drivkrafta i Mental Helse, og dette er ein svært god anledning for alle lokallaga å vere synleg i lokalmiljøet sitt i same tidsrommet, frå måndag 4. – sundag 10. juni,  i heile landet. Det kan til dømes vere med arrangement, stand, artiklar på nettsida (dele på facebook) og i avisene. Mental Helse har kontakta alle fylkes- og lokallag via e-post med tilbod om vervepakke og brosjyrer, kostnadsfritt.

Lokallaga er viktigaste møteplassane i Mental Helse og fungerer som sosiale arenaer og kontaktpunkt i kvardagen. Ved å vere synlege og spre informasjon om Mental Helse og alle dei gode aktivitetane kvart lokallag står bak i sitt nærmiljø, kan vi få fleire medlemmer.   

                                                         Lykke til!

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.