Møre og Romsdal

Verstingar på tvangsbruk

Tvang er siste utveg, uttalar helseministeren, og seier det skal bli betre.  I fylket vårt blei stor tvangsbruk avdekka, og Mental Helse Møre og Romsdal hadde etterfølgjande lesarbrev i avisene. 

VG avdekka i talmaterialet sitt at pasientar i Møre og Romsdal blei haldne over tre gonger så lenge i belteseng som i resten av sjukehusa i landet. Helseforetaket prøver å bortforklare det som blei avdekka. Ein pasient blei tatt utandørs og lufta iført belte, og ein kan berre tenkje seg kor nedverdigande denne opplevinga var for vedkomande. Kontrollkommisjonen har godkjent lovbrot. Helseministeren plasserer ansvaret hos leiinga. 

For nokre år tilbake blei det lova at psykiatrien skulle styrkast med større vekst enn i somatikken. Det blei i staden nedbygging innan psykisk helseteneste, eit løftebrot. I strategi 2030 er Helse Midt-Norge sin visjon å tilby pasienten ei framifrå helseteneste. Det er ingen tvil om at det er mange dyktige og kompetente personar som arbeider innan psykisk helsevern, og mange pasientar får god helsehjelp. Men når pasientar opplever tvang, er det svært alvorleg for den einskilde pasient. Helseforetaket må ta kritikken på alvor, ikkje leite etter bortforklaringar, men gå inn i kulturen og gjere endringar, jobbe med haldningar, bemanning og satse på kompetanse der brot på lovgjevinga har skjedd eller skjer. Vi må også ha ein kompetent kontrollkommisjon.

Mental Helse Møre og Romsdal forventar at leiinga i helseforetaket lyttar til kritikken når urett rammar pasientar og pårørande, og viser at leiinga har innsikt og vilje til å redusere tvangsbruken. Vi forventar at pasienten blir respektert og lytta til. Kontrollkommisjonen må også ha nødvendig kompetanse og kjenne ansvaret sitt.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.