Møre og Romsdal

Verdensdagmidlane er tildelt

Søknadene på midlane syner stor interesse for å lage allsidige og gode arrangement rundt om i fylket vårt for å markere Verdensdagen for psykisk helse med temaet Ver raus.

Tidlegare år har alle fylka fått like stort beløp tildelt til fordeling. I år skjedde det ei omlegging som mellom anna medførte at beløpet det einskilde fylket fekk til fordeling, vart rekna ut på grunnlag av kor mange søknader fylket fekk. Såleis mottok vårt fylke kr 76.061 til fordeling.

 

I år var det tretten søknader i Møre og Romsdal, sju færre enn i fjor. Det vart tildelt beløp frå kr 2.500 til kr 10.000 til elleve av søkjarane. Ved tildelinga vart blant anna søknader som hadde ei nytenkjande og kreativ tilnærming til temaet og det å arrangere, premiert. Det er ambassadøren for Verdensdagen i fylket i samarbeid med Verdensdagen sentralt som behandlar søknadene og avgjer kven som får støtte.  

 

Fire av søknadene kom frå lokallag (åtte i fjor) og ein var frå fylkeslaget av Mental Helse. Elles var det åtte kommunar (som i fjor) som søkte medan ein søknad var frå andre.  Breidda i søkjarmassa og planene for arrangementa syner interessa for å lage gode arrangement, der somme vil markere Verdensdagen med éin aktivitet medan andre legg opp til fleire delarrangement.

 

Planlegginga av Verdensdagen kan registrerast som kurs, og lokallaget kan få dekt noko av utgiftene. Kurset heiter Opplæring i planlegging av Verdensdagen for psykisk helse og andre arrangement for organisasjonen med ID 11612. Ønskjer du hjelp til registreringa av kurset, kan du ta kontakt med fylkeslaget sin studieleiar Anna Margrethe Drægebø Moe tlf  91 19 00 94/92 63 99 16 eller

 

Vi ønskjer alle arrangørar lukke til med vidare planlegging og markeringa av Verdensdagen for psykisk helse.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.