Møre og Romsdal

Verdensdagmidlane 2016 er tildelt

Søknadene på midlane syner stor interesse for å lage allsidige arrangement rundt om i fylket vårt for å markere Verdensdagen for psykisk helse med temaet …fordi livet forandrer seg…

Som tidlegare år fekk alle fylka like stort beløp, kr 67.500, til vidareformidling i sitt fylke. I Møre og Romsdal kom det inn 15 søknader som utgjorde ein samla søknadssum på kr 184.369 som er tre gonger så stort som disponibelt beløp. Søknadsbeløpa varierte frå kr 1.500 til kr 50.000. Søknader som omfattar store beløp, blir behandla av Verdensdagen sentralt, og 3 søknader blei vidaresendt dit. 

Åtte av søknadene kom frå lokallag av Mental Helse som åleine eller saman med andre vil markere Verdensdagen. Resten av søknadene var frå kommunar, ungdomsskular, vidaregåande og Verdensdagkonstellasjon. Breidda i søkjarmassa og  planene for arrangementa speglar interessa for å lage gode arrangement med ulikt omfang, der somme vil markere Verdensdagen med éin aktivitet medan andre legg opp til fleire delarrangement. 

Vi minner deg som arrangør om å gjere arrangementet synleg også å registrere det på Verdensdagen sin kalender på nettsida. Elles kom det inn rekordmange søknader i år. 

Planlegginga av Verdensdagen kan registrerast som kurs, og lokallaget kan få dekt noko av utgiftene. Kurset heiter Opplæring i planlegging av Verdensdagen for psykisk helse og arrangement for organisasjonen med ID 11612. Dei fire timane (og kostnadene) ved deltakinga på dialogkonferansen kan reknast med. Ønskjer du hjelp til registreringa av kurset, kan du ta kontakt med fylkeslaget sin studieleiar Anna Margrethe Drægebø Moe tlf 92 63 99 16/97 00 14 93 eller

Vi ønskjer deg som arrangør lukke til med vidare planlegging og markeringa av Verdensdagen for psykisk helse.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.