Møre og Romsdal

Verdensdagmidlane 2015 - tildeling

I slutten av juni blei midlane til markeringa av Verdensdagen for psykisk helse tildelt. Rundt om i fylket vårt er det planlagt mange gode og allsidige arrangement av ulikt omfang.

Som tidlegare år får alle fylka like store beløp å vidarefordele til søkjarane sine. Også i år var tildelingsbeløpet kr 67.500. I vårt fylke kom det inn fjorten søknader som totalt utgjorde søknadssum på kr 110.600. Søknadsbeløpa varierte frå kr 1.500 til kr 18.000. 

Sju av søknadene kom frå lokallag i Mental Helse som planlegg arrangement i samarbeid med andre organisasjonar/kommune eller åleine. Dei sju andre søknadene var frå NAV, avdelingar i kommunar og kommunar. Dei planlagde arrangementa har ulike omfang der somme vil markere Verdensdagen med éin aktivitet medan andre legg opp til fleire delarrangement. 

Lokallaga blir minna om at planlegginga av Verdensdagen er ein aktivitet som kan registrerast som kurs og etter visse reglar kan ein få dekt utgiftene til planlegging eller få litt pengar i lokallagskassa. Ønskjer du hjelp til registreringa av kurs, kan du ta kontakt med fylkeslaget sin studieleiar Anna Margrethe Drægebø Moe tlf 92 63 99 16/97 00 14 93 eller

Vi ønskjer arrangørane lukke til med markeringa av Verdensdagen for psykisk helse.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.