Møre og Romsdal

Vellukka fag- og fylkesverdensdag i Molde

Det var også tid til pause og beinstrekk.

Fylkeslaget Mental Helse Møre og Romsdal som har runda 36 år, arrangerte sin første fag- og fylkesverdensdag 3. oktober. Temaet for samlinga var «Vær raus – gir recovery».

Etter fylkesleiar ønskte dei  120 deltakarar velkommen fekk ordføraren i Molde ordet.  Han sette pris på at fylkesverdensdagen vart arrangert i Molde og trekte bl.a. fram at det er viktig at psykisk helse vert prioritert slik nasjonale krav seier.

 

Gjennom samtale med teamkoordinator ved Solhagen i Kristiansund , Berit Enge, formidla Frode Frantzvåg si sterke brukarhistorie.  Han hadde ein god barndom, hadde det kjekt i militæret og tok bachelor ved Norges Markedhøyskole i Oslo i 1994. I 1999 var han på musikkfestival og fekk uforvarande i seg englestøv. Det førte til kraftig psykose med høgt angstrykk og stemmer i hovudet som førte til behov for sterk medisinering.  Gjennom samtalen med Berit fekk vi høyre korleis Frode ved bruk av recovery gjennom 18 år bit for bit kjempa seg tilbake til livet, lærte at ein ikkje døyr av angst, bygde opp att eigen identitet, fekk leilegheit, kom seg i arbeid att og no er marknadssjef i bedrifta Varde AS i Kristiansund.

 

Professor Bengt Eirik Karlsson fortalde at recovery oppstod i 1963. Recovery handlar om å ta tilbake livet. Livssituasjonen er knytta til omgivelsane ein lever i, og det må takast utgangspunkt i utfordringane der mennesket er.  Det beste er å invitere til forandring, og ein sjølv må innta førarsetet i sitt eige liv; det er ikkje hensiktsmessig at behandlaren seier kva som skal endrast. Mesteparten av recovery skjer langt utanfor hjelpeapparatet og handlar om fellesskap og sosial tilhøyrigheit.  

Auken i forskjellen mellom fattig og rik er den største psykiske utfordringa. Bengt Eirik fortalde om eit forsøk med to grupper som fekk same pengebeløpet kvar månad i ein periode på åtte månader, men den eine gruppa fekk 500 kroner meir. Denne gruppa hadde økonomi til å gå på kafe, kino, tur m.m.- Etter avslutta forsøk, var denne gruppa mest fornøgd.  Det viser at økonomi er viktig for deltaking.   

Kognitiv terapeut Marit Solem Meisingset formidla med gode eksempel krafta tankane våre har, og det er til god hjelp å bli meir bevisst på denne krafta. Ho tok fram at det er viktig å bygge relasjonar og ha verkty ein kan bruke når ein har det vondt. Det som skjer mellom terapitimane, og tankar og handlinger ein gjer då, er viktigast. Kvar dag har mennesket 60.000 tankar. Tankar og følelsar påvirkar veremåten. Kroppen skil ikkje mellom tenkt og utført handling. Barnet sine to første leveår er viktige for om det seinare i livet vil knytte seg til andre. Negative grunnleggande levereglar betyr mykje for seinare liv, og strategiar barnet lærer, går i «arv». Det er viktig å tenke endring, våge å tru at forandring er mogeleg.

 

Kjell Vidar Fromholtz er avdelingsleiar ved Varde AS i Kristiansund som driv arbeidstrening. Ved bedrifta har 37 personer varig fast arbeid. Målet er å få flest mogeleg ut i jobb, og det vert drive arbeidstrening i arbeid som er etterspurt. Bedrifta har tre produksjonsavdelingar: Mekanisk, leik og park, samt catering. For bedrifta er det ikkje viktigast med stort utbytte. Overskotet går inn att i bedrifta til investeringar m.m. Varde AS arbeider med å finne bedrifter som kan gje lett arbeidstrening, har inkluderingskunnskap og er gode å samarbeide med.

Mot slutten av dagen tok psykolog og forfattar Trond Haukedal i sitt foredrag for markering av Verdensdagen for psykisk helse fram kor viktig det er å ta seg sjølv på alvor. Vi må behandle oss sjølv slik vi behandlar andre. Behandlar vi oss sjølv rett, gjev det psykisk tryggleik som fører til høg livskvalitet. 85 % av dei 60.000 tankane vi har i hovudet kvar dag, er bekymringar. Vi må verte meir robuste  -  det gir betre psykisk helse – og hente tryggheit hos oss sjølv. Han ga fire levereglar for eit godt liv: Kommunisere positivt. Ikkje ta noko personleg. La vere å forutsette ting (Bruke blanke ark). Alltid gjere sitt beste.

 

Som avslutning på dagen hadde sentralstyremedlem Jill Arild appell. Ho la vekt på at det bør vere erfaringsmedarbeidar i kommunane. Nedlegging av sengepostar og større effektivitetskrav til behandlinga fører til kortare behandlingstid. Den enkelte må få den behandlingstida det er behov for. Det er ikkje lett å stå utanfor samfunnet, men ein kan finne ein rolle i Mental Helse og ha noko å gå til. Når vi går på ein smell, må vi finne nokon som trur på oss. I Mental Helse har dei fleste eigne erfaringar med liknande utfordringar og godtar deg som du er.  Det er god hjelp til å meistre utfordringane ved å snakke med nokon som har vorte friske.

 

Mental Helse Møre og Romsdal takkar sponsorane:
Haukebø Blomster
Molde Blomster
Varde AS
Kommunenettverket Romsdal
Verdensdagen for psykisk helse

Vi takkar også for frivillig innsats frå:

Lokallag i Mental Helse Møre og Romsdal

Kantina på Rådhuset i Molde 

Molde Kommune v/Ressurstjenesten avd. Arbeid og Aktivitet

 

Takk til Molde kommunen for velvillig tilrettelegging av møtelokale i rådhuset.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.