Møre og Romsdal

Ungdomsrepresentasjon i fylkesstyret

Lisa og Petrine

Etter fleire år utan representant frå Mental Helse Ungdom i fylkesstyret er det gledeleg at det på siste årsmøte kom på plass att representant med personleg vara frå Mental Helse Ungdom.   

Det er Mental Helse Ungdom som vel/oppnemner representanten med personleg vara som har tale- og forslagsrett i fylkesstyret. Representant er Lisa Sveen frå MH Kristiansund med Petrine Angell Vikstad frå MH Sykkylven som vara.

Lisa har hatt ulike verv i sentralstyret i MH Ungdom og har vore kasserar og leiar i MH sitt ungdomslag i Kristiansund. No er ho studieleiar og sekretær i MH Kristiansund. I tillegg til at Petrine er ungdomskontakt er ho også styremedlem i MH Sykkylven. Vi ønskjer dei velkommen i fylkesstyret og ser fram til godt samarbeid.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.