Møre og Romsdal

Triveleg lokallagstreff på Vestnes

Mental Helse Vestnes inviterte alle lokallaga til treff 18. august. Om lag 30 møttest i dei trivelege lokala laget har sine medlemsmøte i kvar månaden.

Bygget, Gamle Myra Gård, er omlag 200 år gammalt, og same slekta åtte garden i alle åra. I første høgda er det bl.a. møterom, kjøkken og salong/stove. Dei mange romma på loftet vert brukt til ulike aktivitetar.  Å komme inn i den koseleg møblerte stova, oppleve dei fine tømmerveggane og sjå «gamle» heklebordar festa til hyllene kalla fram nostalgien i dei eldste av oss. Tenk kva desse veggane har høyrt og sett av godt og vondt gjennom 200 år. Dei ber nok på mang ein løyndom og har mykje å fortelje.

 

Praten losna straks vi var innafor dørene. Vi blanda oss på tvers av lokallaga for å verte betre kjende med kvarandre og knytte kontakter. På kjøkkenet stod maten klar for ei matøkt og meir prat summa gjennom romma.

 

Etter vekesvis med uvanleg fin sommar svært raus på varmegrader, har vi fått tilbake Vestlandssommaren med regn. Denne dagen var også regnfull, men regn kan vere regn når vi kosar oss inne med god mat, god prat i triveleg lag og utlodning av flotte gevinstar lokallaget har fått av næringslivet på Vestnes.  Quiz er alltid populært og engasjerande, og den aktiviserte dei små grå i dei fem quizgruppene før treffet vart toppa med kaker og kaffi. Så er det slik laga at som alt som er kjekt har ein ende, og tid for oppbrot og heimreise kjem. Takk til MH Vestnes for triveleg lokallagstreff!

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.