Møre og Romsdal

Studieleiarsamlinga 2017

Studieleiararane og KUPP

Ei viktig oppgåve for Kurs- og opplæringsutvalet (KUPP) er å invitere studieleiarane i fylkesstyra til samling med kurs i studiearbeid med bygging av nettverk for studieleiarane.   

Alle studieleiarane i fylkesstyra vert invitert til den årlege samlinga utpå haustparten der aktuelle tema er sett på dagsorden.  Meininga er at samlingane skal vere til inspirasjon for både «ferske» og «gamle» studieleiarar som kan utveksle erfaringar og tips. Studieleiarane vert også betre kjende med kvarandre og med KUPP sine medlemmer, og det er lettare å ta kontakt seinare ved behov. 

For KUPP er det viktig å få vite kva studieleiarane ønskjer ein skal bidra med. Såleis vart samlinga avslutta med gruppearbeid der studieleiarane jobba med etterfølgjande  oppgåver:

  1. Kva opplever du som vanskeleg i funksjonen som studieleiar, og kva forventar du at KUPP kan hjelpe til med?
  2. Korleis kan KUPP gje best mogeleg informasjon til deg som studieleiar?
    Ved bruk av nettsida, facebookgruppe eller mail til studieleiar?

KUPP fekk mange gode innspel som det vert arbeidd vidare med framover.

Nedanfor ligg programmet for studieleiarsamlinga KUPP arrangerte i år.

Program studieledersamling 2017

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.