Møre og Romsdal

Studiearbeidet i 2014

Dei siste tre-fire åra har det i fylkeslaget blitt satsa sterkt på målretta innsats i studiearbeidet. Etter toppåret 2013 var det nedgang i fjor, men vi håper det er forbigåande og at aktiviteten vil ta seg opp att. 

Lokallaga sin fine innsats i studiearbeidet går fram nedanfor:

År

2010

2011

2012

2013

2014

Tal lag som heldt kurs

4

4

6

11

9

Tal ferdigmelde kurs

4

21

36

73

51

Samla kurstimetal

56

229

455

896

598

Rundt om i lokallaga blir det utført mange gode og lærerike aktivitetar. Nemnast kan f eks styret si førebuing av årsmøte, styret i arbeid,Verdensdagen og temakveldar 

Det kan haldast kurs i t d fisking, rappellering, klatring, roing, fotokurs og ridning som kjem inn under studieplanen med mestring og aktiviteter. Kjekke hobbyaktivitetar som hekling, knivmaking, lagging, oljemåling, vinkultur, brodering og treskjering er aktuelle kurs.

Vedtektene, samfunnspolitisk program, strategidokumentet og handlingsplanen 2015 er aktuelle å setje seg inn i.  Alt dette kan vere kurs og i nærmiljøet finst gjerne dyktige personar som kan vere lærarar. Aktivitetane kan organiserast som studiering med eller utan lærar. Det er ingen eksamen eller prøve. Tenk enkelt og gå i gang!

I venstremenyen på www.funkis.no ligg det studieplaner til å byggje kursa på. Studieplanene er såkalla rammeplaner til å lage kurs av, og kursa kan ha ulik lengd og innhald innafor rammene i studieplanene.  

I tillegg til at det er kjekt, lærerikt og sosialt å delta på kurs, gjev det litt pengar i lokallaget si kasse til nye aktivitetar. Dersom det er utgifter (t.d. til materiell, servering, lærar) på over kr 400 på kurset, får lokallaget dekt utgifter etter visse reglar.  Er det ingen utgifter eller dei er mindre enn kr 400, er opplæringstilskottet kr 400.

Ønskjer du informasjon/hjelp er det berre å kontakte studieleiaren i fylkeslaget, Anna Margrethe Drægebø Moe, på e-post eller  tlf 926 39 916/970 014 93. Gjennom godt samarbeid når vi mål.    

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.