Møre og Romsdal

Spennande saker i regionrådet

Regionrådet består av leiarane og nestleiarane i fylkeslaga i N-Trøndelag, S-Trøndelag og Møre og Romsdal og regionsekretæren.

Korleis rekruttere, aktivisere og behalde medlemmene? Ny organisasjonsstruktur og endringar i vedtektene. Sentral satsning på opplæring, og ikkje minst «Medisinfritt behandlingstilbod».

Møta blir haldne to gonger i året og går på omgang i fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.  Første sak på dagsorden er informasjon om kva det einskilde fylkeslag har arbeidd med sidan siste møte og planer framover. Det er utveksling av erfaringar og idéar; ein god måte å få inspirasjon av kvarandre på i det vidare arbeidet.

 

Studieforbundet Funkis sentralt driv eit to-årig prosjekt «Møteplassen» der eit av hovudmåla er å utarbeide materiell til bruk for nye studieleiarar lokalt. Anna Margrethe Drægebø Moe er med i prosjektgruppa , og ho orienterte om «Medlemsmodellen» - rekruttering, aktivisering og behalde medlemmene. Utfordringa er å intergrere dette arbeidet i drifta av lokallaga. Det er utarbeidd ei studieplan kalla Aktive lokallag Id-nr 16057 til bruk for lokallaga. Boka «Medlemsmodellen» og kortstokken «Organisasjon i endring» er gode hjelpemiddel når det skal kursast.

Rådet diskuterte også forslaga til organisasjonsstruktur av Mental Helse og vedtektene som er sendt ut til høyring. Det ein særleg merka seg er forslaget om å arrangere landsmøte annankvart år mot   tredjekvart år no. Vidare at landsstyret er tenkt som ein politisk verkstad og skal kallast leiarmøte. Nord-Trøndelag har skrive høyringsbrev medan Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal skal gjere det i løpet av eit par veker.  Høyringsfristen er 13. mai.

Regionsekretær Sølvi Hagen informerte om sentral satsing på opplæring i 2016. Det skal utviklast opplæringspakkar i organisasjonsopplæring og brukarmedvirkning av regionsekretærane i samarbeid med Kurs- og opplæringsutvalget (KUPP). Målet er opplæring av frivillige som kan ha opplæring ute i laga. Pakkane skal tilretteleggast slik at laga sjølv kan bruke dei.

 

Til den faglege delen inviterte regionrådet seksjonssjef Siw Lynghjem og prosjektleder Anja Bjørkevåg frå Vegsund DPS for å ha dialog med og informasjon om «Medisinfritt behandlingstilbud» i region Midt-Norge. Prosjektet er 3-årig og planleggingsarbeidet er i gong. Det skal tilsettast fagpersonar i tilsaman 8,4 stillingar, og ein reknar med at tilbodet kjem i gang frå 1. september. Elles var det semje om god samhandling framover i planleggings- og utviklingsperioden.   

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.