Møre og Romsdal

Sammøte mellom regionråda MH Midt og Nord

Første helga i september hadde dei to regionråda,  Mental Helse Midt- Noreg og Nord-Noreg, fellesmøte på Gardermoen. Mange aktuelle og interessante saker stod på dagsorden.   

I regionrådet sit leiar og nestleiar i dei einskilde fylkeslaga. Som vanleg var første post på programmet status og utfordringar i fylka, og det blei delt informasjon om dette arbeidet.

Forskningsprosjekt i Helse Nord.
Regionsekretær Sølvi Hagen informerte om eit 3-årig forskningsprosjekt som Ingebrigt Sylte, professor i farmakologi  ved UiT Norges Arktiske Universitet, skal sette i gang. Prosjektet gjeld biomedisinsk forskning som skal gje ny farmakologisk behandlingsmåte av angst og depresjon. Han ønskjer at Mental Helse (MH) bidreg med brukermedverknad. Regionråda støttar prosjektet og vil vere representert med Ågot Voll (Troms) og Anette Jensen (Finnmark).

Studiearbeidet i fylka.
Fadder for fylkeslaga i Midt- og Nord-Norge i KUPP, Anna Margrethe Drægebø Moe, presenterte KUPP og gjekk gjennom regelverket. Ho kom med tips og råd om studiearbeidet som deltakarane vil ta med heim til studieleiar i eige fylke.

 

Midt-Norsk Brukerforum.
Karl-Johan Johansen orienterte om prosjektet som blei starta etter initivativ på eit kurs/samling for brukermedverkare i Midt-Norge. MH sentralt løyvde kr 100.000 til forprosjektet som snart er fullført. Vidare er det søkt om kr 300.000 frå ExtraStiftelsen i prosjektstøtte for å fortsette arbeidet. På «basecamp.com» er det oppretta ein felles nettstad der ein kan få meir informasjon og inviterte kan delta i aktivitetar. Vidare er det planer for å gjennomføre eit webinar for deltakarar i brukarforumet. Regionrådet stiller seg bak prosjektet og søknaden.

Likepersonsarbeid og arbeid i sentralstyret.
Sentralstyremedlem Kristian Haugland orienterte om at det framtidige tilskottet til likepersonsarbeid der MH er avhengig av opplysningar om aktivitetane i lokallaga. Såleis er det svært viktig at lokallaga rapporterer gjennom «Årsrapport for likepersontilskudd» for å dokumentere at laget er aktivt. Han informerte om rollen som sentralstyremedlem og om ansvaret dei har.

Landsmøtet 2016.
Regionråda diskuterte korleis ein skal stå opp mot kutt og feilbehandling innan psykiatrien og ein ønskjer ein resolusjon/uttale frå landsmøtet på dette området.  Vidare var det ein gjennomgang av saksgangen fram mot vedtak i landsmøtet. Regionråda meiner at dei viktigaste områda MH må vere tydeleg på, er bruk av tvang, brukarmedverknad og kutt i tenestetilboda.

Som siste post på programmet gjekk regionsekretæren gjennom mandatet for regionrådet i Midt-Norge for å lage eit felles mandat for samarbeidet mellom regionråda i Nord- og Midt-Norge. Innspela førte til eit utkast som skal behandlast i dei einskilde fylkeslaga.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.