Møre og Romsdal

Samarbeidet mellom Mental Helse og FFO

På landsmøtet 2016 i Mental Helse var det løfta fram sak om Mental Helse (MH) framleis bør vere tilslutta Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO).    

Det vart vedteke at sentralstyret skal sette ned eit utval til å utgreie alle forhold rundt medlemskapet i FFO og legge det fram med eventuell tilråding til landsmøtet 2018. Seinare nedsette sentralstyret eit utval på tre medlemmer til å utføre oppdraget.

Kristian Kise Haugland og Tonelise Holm i ovannemnde utval møtte leiar og nestleiar i MH Møre og Romsdal, nestleiar og økonomiansvarleg i FFO Møre og Romsdal, fungerande leiar i FFO Ålesund og omegn, leiar i FFO Molde og omegn, samt leiarane i MH sine lokallag i Sykkylven, Stordal og Molde, og fekk avklara deira syn på korleis samarbeidet fungerer.

I møtet kom det fram at samarbeidet med FFO Møre og Romsdal vert opplevd som godt med god informasjonsflyt, orientering om viktige saker og MH får invitasjon gjennom FFO Møre og Romsdal til å foreslå brukarrepresentantar på alle nivå frå kommune til helseregionen og NAV. MH legg vekt på kvalitetssikring av kandidatane og opplever ikkje å verte tilsidesett av FFO i utvelging av brukarrepresentantar. FFO ga uttrykk for opplevd ryddig og godt samarbeid med MH.

FFO Ålesund og omegn omfattar ni kommunar medan FFO Molde og omegn har sju kommunar. Representantane frå lokallaga ga i møtet uttrykk for at samarbeidet med kommune-FFOane opplevest godt med god informasjon. Det kom fram at FFO Ålesund opplever liten respons frå mange av samarbeidspartane. Noko som kan skuldast lokallaga sin kunnskap om FFO.
Utfrå det som kom fram i møtet synest samarbeidet mellom FFO-ane i alle ledd og frammøtte samarbeidspartar som godt og nyttig for MH i vårt fylke.  

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.