Møre og Romsdal

Samarbeid med LMS

Lærings- og meistringssenteret (LMS) og fylkesstyret  hadde nyleg møte. Formålet med møtet var å verte betre kjende, utveksle informasjon og særleg sjå på kva vi kan samarbeide om.

Frå LMS møtte teamkoordinator Torill Kvisvik og fagkonsulent Kari-Anne Nerland. Mental Helse Møre og Romsdal (MH) var representert med styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe og styremedlemmer Per Gimnes og Ingrid Løset, samt fylkessekretær Åshild Sivertsen.

Først litt om LMS:
Opplæring av pasientar og pårørande er ei av spesialisthelsetenesta sine hovudoppgåver, og det er avdelingane ved sjukehusa som har hovudansvaret for denne oppgåva. LMS utviklar lærings- og meistringstilbod (ulike kurs) til pasientar med langvarige sjukdommar.  Det skjer i samarbeid med fagpersonar og brukarrepresentantar som deler erfaringane og kunnskap sin. Dei jobbar også med samhandling mellom kommunane innan læring og meistring og overfører helsepedagogisk kompetanse til helsepersonell. LMS ønskjer også å vere møtestad mellom fagpersonar og brukarar.  Dei arbeider for at opplæring skal vere ein del av pasientforløpa.

 

Som brukarorganisasjon vil MH kunne komme med tips til LMS om kurs, vere med på utvikle kurs ved å skaffe brukarrepresentantar til arbeidet. Elles er det på somme kurs aktuelt å ha brukarrepresentantar som vil fortelje brukar-historia si. Her kan MH også bidra. Vi samsnakka om eventuelle erfaringskonsulentar i fylket og likepersonar.  Vi var også innom pakkeforløpa innan psykiatri og rus som skal setjast i verk frå komande nyttår og utover.  Det er knytta spenning til implementeringa av dei og endringa av helsepersonellet sin tenkjemåten frå «Kva er i veien med deg?» til «Kva er viktig for deg ?». Det kan verte ei utfordring å få til ei godt fungerande ordning med koordinatorar i pakkeforløpa.  Vidare var vi opptekne av at 30 % av dei som vert tilviste til BUP vert avvist, og kva som skjer med desse.  Gledeleg er det at ventetida er litt redusert.

Du kan gå inn på Helse Møre og Romsdal og lese meir om LMS. Der finn du oversyn over kurs og gruppetilbod til pasientar og pårørande. Der står korleis du kan melde deg på aktuelle kurs, kostnad m.m.

Til slutt kan det nemnast at Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)  som i mange år har hatt eit nært samarbeid med LMS om kurs  sender fortløpande informasjon om komande kurs til bl.a. MH sitt fylkeskontor som vidaresender informasjonen til lokallaga i fylket. 

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.