Møre og Romsdal

Pakkeforløpa er klare for iverksetjing

Etter pakkeforløpa for kreft kom i 2015 har ein sett fram til pakkeforløpa for psykisk helse og rus. No er det utarbeidd seks pakkeforløp som er klare for å setjast i verk frå 1. januar 2019 og utover.

Helsedirektoratet i samarbeid med Helse Møre og Romsdal inviterte til konferanse for lansering av desse pakkeforløpa 30. oktober i Ålesund.  Uttrykket pakkeforløp kan gje inntrykk av at pasienten skal sendast rundt i helsetenesta etter eit fastlagt system fagfolk og helseforetak har snekra saman. Nokre trudde dei skulle handle om kva slags behandling som skal gjevast til kva for pasientar, kva pasientar som skal prioriterast og kor mange timar behandlinga skulle vare for den eller den diagnosen.

 

Slik har det ikkje vorte. Pakkeforløpa  er ikkje fastlagde på førehand, men omtalar korleis kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta skal samhandle med pasienten for å komme fram til rett og god behandling. Pasienten har fått plass ved roret, brukarmedverknad går som ein raud tråd gjennom heile forløpet frå første kontakta med kommunehelsetenesta  med val av behandlingstilbod som fins, utarbeiding av behandlingsopplegg i spesialisthelsetenesta og  til slutt beslutning saman med kommune og speailisthelsetenesta om eventuell oppfølging i heimkommunen.

Fagfolka sitt spørsmål til pasienten som er snutt frå «Kva er i vegen med deg?» til «Kva er viktig for deg?» er døropnar. Pasienten (og pårørande) er med på å skreddarsy si eiga behandling og får sitt eige behandlingsopplegg. Behandlinga får ei ramme der pasienten skal få vite kva som skal skje, når det skal skje og kven som skal gjere det. Forløpskoordinatorar skal sikre oppfølging og framdrifta i behandlinga.  Som ekspert på eige liv, veit pasienten kva som er viktig for han.

Levealderen er 15 - 20 år kortare for menneske med alvorlege psykiske helseutfordringar og rusproblem enn befolkninga elles. Det skuldast mykje somatiske sjukdommar der mange er resultat av dårlege levevanar og lite helseoppfølging. Derfor er somatisk helse og gode levevanar innarbeidd i pakkeforløpa.

Men det er også bekymringar. Fagfolka må ha nok tid til å sette seg inn i pakkeforløpa for at dei skal fungere godt. Pasienten og pårørande må omstille seg til å delta meir aktivt i planlegginga av behandlinga. Det må erkjennast at ting tek tid. Det nye må gå seg til.

 

I begynnelsen av konferansen hadde brukarorganisasjonane Mental Helse og Landsforeningen for Pårørande innen psykisk helse (LPP) innlegg. Styremedlem Per Gimnes i Mental Helse Møre og Romsdal hadde innlegg på vegne av Mental Helse. Eva-Brit Longva representerte LPP.  Elles hadde helseminister Bent Høie og ei rekkje fagfolk i fylket innlegg før konferansen vart avslutta med eit panel samansett av fagfolk.  På konferansen var det om lag 350 deltakarar som var brukarrepresentantar, fastlegar, leiarar og koordinatorar innan psykisk helse og rus. Her kan du lese meir om pakkeforløpa.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.