I Ålesund er det starta eit nytt lågterskeltilbod for pårørande kalla Pårørandeprosjektet, og tilsett ein erfaringskonsulent i 50 % stilling som vil hjelpe pårørande og brukarar med råd og rettleiing.
19. januar 2017 Anna Margrethe Drægebø Moe <morSPAMFILTER@mentalhelse.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)>
Det er LPP (Landsforeningen for pårørande innan psykisk helse) Ålesund og omegn som står bak tilbodet. Erfaringskonsulenten som har både brukar- og pårørandeerfaring samt fagleg bakgrunn for arbeidet, vil ha eigne kontordagar for å ta i mot pårørande og brukarar som treng hjelp for å orientere seg rundt i systemet. Ho vil gje råd og rettleiing, og vere ei støtte i deira kvardag, på godt og vondt. Det er ikkje krav om henvisning.
Tilbodet er for alle pårørande i Ålesund, Sula, Giske, Skodje, Ørskog, Haram, Sykkylven, Stranda Stordal og Norddal.
Pårørandeprosjektet si besøksadresse er Parkgata 10, Ålesund. Telefon: 48 23 16 44. E-post: erfaringskonsulenten@outlook.comerfaringskonsulentenSPAMFILTER@outlook.com
Her kan du lese meir om
Møteplassen:
Andre måndagen i månaden inviterer LPP og Mental Helse til opne møte på Skansen Aktivitet, der pårørande kan møtast over ein kaffikopp og utveksle erfaringar. Det er også foredrag og kurs i korleis ein kan meistre ulike utfordringar i kvardagen. Kontaktperson er erfaringskonsulent Emthe Vollstad O’Neill, telefon 48 316 44. E-post: erfaringskonsulenten@outlook.comerfaringskonsulentenSPAMFILTER@outlook.com
Informasjon om
Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.