Møre og Romsdal

Nytt sentralstyre er valt

Sentralstyret 2016 - 2018

På landsmøtet sist helg blei styreleiaren i fylkeslaget vårt, Laila Helene Langerud, valt inn i sentralstyret. Vi gratulerer og ønskjer Laila lykke til i vervet.  

Vedtektene seier at den som sit i sentralstyret ikkje kan ha andre verv i organisasjonen. Såleis sluttar Laila som fylkesleiar no, og nestleiar, Anna Margrethe Drægebø Moe, fungerer som styreleiar fram til årsmøtet i april.

Landsmøtet blei halde på Gardermoen 18. – 20. november, og frå vårt fylke møtte det tre delegatar i tillegg til styreleiaren. Det var Anna Margrethe Drægebø Moe, Frode Lyse og  Stig Ålgårdstad. Vi hadde også med Lisa Sveen som observatør.

På landsmøtet blei det m.a. vedteke ny organisasjonsstruktur for organisasjonen. Det kan nemnast at det blei bestemt at det skal vere landsmøte annankvart år i staden for tredjekvart år. Elles blei det vedteke tre resolusjonar som blir lagt ut på MH si hovudside framover. Klikk her og les resolusjonen om pakkeforløp. Det vil bli orientert frå landsmøtet når vi samlast komande helga, der «Motivasjon i hverdagen» står på dagsorden.  

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.