Møre og Romsdal

Motivasjon for organisasjonsarbeid

Målretta arbeid er alfa og omega 

Tre år har gått sidan det blei skrive på flip-overen på fylkeskontoret: Vi skal bli det beste fylkeslaget. Fylkesstyret sin strategi er målretta arbeid saman med engasjerte og motiverte medlemmer i lokallaga. Og på vegen mot målet held vi stø kurs gjennom fleire delmål.

Fjerde helga i november blei det invitert til motivasjonskurs i Molde for fylkesstyret og tre styremedlemmer frå kvart lokallag. Kurset er første trinn i ein serie på tre. Neste trinn blir i januar med Web og e-post på dagsorden. Etter årsmøta er haldne og dei nye styra er på plass, kjem trinn tre med enkelt rekneskap og studiearbeid.

Det første kurset bar tittelen: Motivasjon for organisasjonsarbeid, og på agendaen var mange aktuelle deltema til inspirasjon for 37 deltakarar.

Først på dagsorden laurdag stod Mental Helses hjelpetelefon, der hjelpetelefonkontakt, Frode Lyse, orienterte om dei ulike ordningane i telefontenesta, sidetmedord.no, kameratstøtte.no og arbeidslivstelefonen.no. Målsettinga med hjelpetelefonen er å forebygge alvorlege kriser gjennom dialog, og felles for dei som tek kontakt er at dei treng nokon å snakke med. Han oppfordra lokallaga til å velje kontaktperson for å legge ut materiell om hjelpetelefonen på aktuelle stader i nærmiljøet. Elles vil han bistå med å skaffe brosjyrer om ordninga og kan kontaktast for meir informasjon, gjerne på e-post . Frode etterlyser synleggjering av brosjyremateriell om hjelpetelefonen på nettsida.

Deretter fortalde fylkeslaget sin studieleiar Anna Margrethe Drægebø Moe om utviklinga i studiearbeidet siste par-tre åra. Vårt fylkeslag har blitt det nest beste av alle fylkeslaga med å registerer kurs, ei utvikling frå 3 lag som heldt 4 kurs i 2011 til resultatet i 2013 der 11 lag avvikla tilsaman 73 kurs. Ho vil framleis bistå lokallag som treng det med å finne studieplan og melde inn/ferdigmelde kursa i KursAdmin samt lære opp lokallaga. Summegruppene hadde mange gode idéar til kurs: Mindfullness, hekling,svømming, data, friluftsliv, krolf, førebuing årsmøte, handlingsplan, likepersonsarbeid, politisk påvirkningsarbeid, matlaging, planlegge Verdensdagen, spansk, bowling, styret i arbeid, rekneskap, budsjett m m. 

Resten av dagen var Kirsten Paasche sin med temaet Styret som team. Ho var veldig opptatt av at styra jobbar som team, ser og inkludere kvarandre. Elles tok ho fram kor vanskeleg kommunikasjon kan vere, misforholdet mellom det vi seier og kroppsspråket, og at vi ved hjelp av triks kan vinne tid i stressa situasjonar for å unngå å seie noko som blir angra på. Etter gjennomgang av åtte ulike teamroller fekk vi skjema til å finne skåren vår i dei ulike rollane. Ei gruppeoppgåve for styra var ved bruk av positive ord å fortelje korleis vi oppfattar kvarandre. Ny kunnskap samt skjema til å kartlegge kva rollar den enkelte styremedlem er god på, fekk kvart lokallag med heim som verkty til å bygge godt team av styret sitt.

Sundag var det tid for brukarmedvirkning ved  brukarrepresentant i Helse Møre og Romsdal, Ingrid Løset. Ho tok fram at det er viktig at brukarane blir høyrt og at brukarane sine synspunkt kjem fram i kommune, NAV og helseforetaka. Brukarerfaringa er viktig å formidle til fagfolka. Ho la vekt på at brukarrepresentantane må skolere seg og sette seg inn i sakene for å kunne påvirke utfallet. Med jamne mellomrom har FFO opplæring av brukarrepresentantar, og neste skolering blir i Molde 6. og 7. juni 2015. Mange seier dei ikkje er interesserte i politikk men når det gjeld tilboda dei tek i mot, har dei ofte meiningar om både mengde og kvalitet. Det er viktig å komme tidleg inn der beslutningane skal takast slik at påvirkningskrafta blir reell.  

 

Deretter tok regionsekretær Sølvi Hagen  - ikledd blåskjerfet og med urokkeleg tru på seier for heimelaget MFK som var klar for cup-finalekamp mot Odd - over stafettpinnen og gav oss tankar rundt personleg motivasjon og temarbeid i praksis. Ho la vekt på at det vi vil, greier vi. Vi er flinke til å finne begrensningane våre og må snu tankane positivt til «Yes, dette greier I !» Ved hjelp av gjessene si åtferd under flyginga synleggjorde ho godt teamarbeid. I formasjonen dreg dei nytte av kvarandre og flyg 71 % lengre enn ved soloflyging. Blir leiargåsa sliten, sig ho bakover og let ei anna gås ta over leiarposisjonen. Fell ei gås ut av formasjonen, fyl andre med og tek omsorg for henne til situasjonen er avklara. Gjessene vekslar på og støttar kvarandre når det trengs.

Til stades på kurset var Ole Martin Standal, representant for Mental Helse Ungdom som er for medlemmer i alderen 15 – 30 år. Han fortalde at Mot, åpenhet og ærlighet er ungdomslaget sine kjerneverdiar. Virkemiddelet er å synleggjere erfaringane til medlemmene som vil få ei betre psykisk helse.  Ungdomsorganisasjonen arbeider i hovudsak med same utfordringane som organisasjonen Mental Helse. Elles vart behovet for å få ein engasjert ungdomsrepresentant i fylkesstyret omsnakka.  Kanskje vi kan få i gang eit ungdomslag i fylket vårt?

Lokallaga som var representert på samlinga har fått tilsendt lysarka som blei brukt på kurset, og du kan kontakte lokallaget ditt og få dei oversendt.

Takk til trivelege og engasjerte MH-vener for ei flott og minnerik kurshelg!

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.