Møre og Romsdal

Mental Helse Sunndal har passert 10 år

Lokallaget blei stifta 10. november 2006, og er eitt av dei tre lokallaga i fylket vårt som feira rundt år i november.  Både på Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre har det vore jubilering.

MH Sunndal inviterte medlemmene og interimstyret til fin markering med fest på dagsenteret.  Kristin Rugtveit som var leiar for interimstyret og fortsette som leiar eitt år til, fortalde om oppstarten og utfordringane den første tida. Etter henne tok Magnus Mæhle over klubba og har hatt leiarvervet dei neste åtte åra.

Laget har vore i drift heile tida sidan starten. Magnus fortalde at dei har turgruppe som organiserer mange turar og nemnde bl.a. turen til Oslo i fjor og til Trondheim i år. Såleis har medlemmene mange trivelege og opplevelsesrike turar å sjå tilbake på.  Elles er det fast laurdagskafé på dagsenteret og nokre temamøte i året. På siste temamøte var tittelen «Frå minus til pluss» og handla om privatøkonomi. Dei siste åra har laget registreret fleire av aktivitetane sine som kurs.

Inneverande år har medlemstalet i lokallaget auka sterkt, og tel no 52 medlemmer. Dei fleste er i alderen 40 – 50 år. I det heile eit lokallag med god driv.

Vi gratulerer Mental Helse Sunndal og ønskjer laget lykke til i vidare arbeid.

Foto: Terje Gravem Storholt

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.