Møre og Romsdal

Mental Helse Giske i gang att

Frå venstre: Eli Anne, Trond Viggo, Anne-Merethe, Solfrid, Bente og Eva.

Etter ein lengre kvilepause blei det 6. april valt nytt styre i Mental Helse Giske. Gode idéar, kreativitet og godt humør prega gjengen som var samla i Johansbuda og drog lokallaget i gang att.

Det nye styret blei samansett slik:
Eli Anne Vanebo leiar, Anne-Merethe Magnor nestleiar/sekretær, Bente Fiskarstrand kasserar, Solfrid Vestnes studieleiar og Trond Viggo Jensen styremedlem. Varamedlemmer Kim Tonny Rovde og Eva Thor.

Organisasjonsrådgjevar Sølvi og fungerande fylkesleiar Anna Margrethe var til stades under reetableringa, og det nyvalde styret fekk også nyttig informasjon for det vidare arbeidet. Elles kan styret ta kontakt med Sølvi og Anna Margrethe som vil bistå dei.

Johansbuda ligg vakkert til ved den gamle ferjekaia. Inne i buda er det teke vare på mange gamle minne. Nemnast kan sykkelen som heng under taket. Den tilhøyrde ein lærar på 50-talet. Det aktive ungdomslaget har montert revyplakatar inn i trinna på stigen som heng vassrett  over sofagruppa. Dette og mykje meir pryder veggane og skaper ei fin ramme rundt aktivitetane som skjer i lokala der mange organisasjonar og lag har tilhaldsstad i godt samarbeid.

I desse lokala vil Mental Helse Giske ha sin faste møteplass, samt medlems- og styremøte. Etter kvart vil lokallaget bli synleg att på nettsida , facebook og i nærmiljøet. Vi ønskjer det nye styret lukke til i arbeidet sitt.   

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.