Møre og Romsdal

Med læringsvilje på topp

Årvaken observatør. (Foto: Sølvi og Anna Margrethe)

Kunnskap som lettar arbeidet i kvardagen for oss som tillitsvalde er alltid velkommen. Og når vi gjennom kunnskapen også kan nå ut til mange menneske og fortelje om alt det som skjer i lokallaga våre - alle dei fine aktivitetane vi driv med - er det ekstra kjekt.

Motstraums var det i januar, då vi blei invitert til kurs i e-post og web. Få melde seg på – synte seg å vere svært hektisk tid i lokallaga – og kurset blei utsett til det roa seg med årsmøte. Så blei det to desentraliserte kurs – eitt i Kristiansund der nordmøringar og romsdalingar deltok. Det andre kurset var i Spjelkavik der sunnmøringar møtte.

Vår regionsekretær Sølvi  førte oss inn i ei ny verd då ho synte korleis vi kan bruke Outlook 365. Berre det å opprette arkfane slik at vi med eit tastetrykk er inne i e-postststemet og kan velje dei appane vi har bruk for, er arbeidssparande. Blant anna lærde vi å opprette mapper under innboksen og ordne det slik at innkomande post som vi vil ha dit, legg seg der automatisk. Å skrive e-post og sende var ny lærdom for somme. T.d. oppretting av grupper som som skal nåast ofte – det kan vere styret eller medlemmene - gjer at vi med eitt tastetrykk kan sende e-post til mange.

Kalenderfunksjonen er mykje meir enn oversyn over møta vi skal delta på. Gjennom den kan vi også effektivt nå ut til personar og grupper som skal delta på møte og få svar tilbake på meldinga. 

Nordmøringar og romsdalingar på kurs i Kristiansund.

I siste del av kursdagen gjekk Sølvi gjennom utlegging av møter o.l. under kalenderen som kjem fram i høgremenyen på høgresida. Smart at når aktiviteten under kalender er over, slettar systemet den automatisk.  Slepp gå inn og slette den sjølv. Faste aktivitetar som t.d. medlemsmøte kan leggast ut i infoboksen på høgresida.  Men vi må passe oss for å lesse ned høgremenyen med stoff og informasjon som høyrer heime under nyhende. Nettsida kan lett bli rotete.

Sunnmørsgjengen på kurs.

Spennande å legge ut artiklar med ingress, brødtekst og høvelege bilde.  Men tunga må haldast beint i munnen ein artikkel skal slettast, vere heilt trygg på at vi står på sjølve artikkelen, ikkje på mappa når vi trykker på funksjonen slett. Det som blir lagt ut på nettsida kan enkelt linkast til på lokallaget si facebookside og artiklane når mange. 

Men eitt kurs er ikkje nok. Øving gjer meister. Det er lurt å gå inn på andre lag sine nettsider og lære av det ein ser. Kva tiltalar?  Korleis er gode artiklar bygt opp? Korleis ser ei ryddig og fin nettside ut? Kva er rotete og uoversiktleg?  

Blirr spennande å sjå bruken av nettsidene i fylket vårt. Lukke til med arbeidet!

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.