Møre og Romsdal

Lyden av pengar i kassa

I fjor kom nyordninga med likepersonsarbeid i gong med rapporteringa. Berre fire lokallag i fylkeslaget rapporterte aktivitetane og fekk utbetalt midlar. Her er det pengar å hente for fleire lokallag.  

På Mental Helse si heimeside finn du fana Likeperson.  Der ligg grei informasjon om kva som blir rekna som likepersonsarbeid.  Skjemaene du treng for å dokumentere aktivitetane i laget ditt finn du der også. Det kan nemnast at eitt av lokallaga i vårt fylkeslag som rapporterte aktivitetane sine i fjor, fekk tett på kr 10.000 i likepersonsmidlar. Pengar som kan brukast til nye aktivitetar og drift av laget.

Nytt er også at lokallaga sender inn årsmelding, rekneskap og rapportskjema over dei tillitsvalde til Mental Helse sentralt og det blir søkt om  momskompensasjon derifrå. Endå ei forenkling for lokallaga.

 

Som kjent er bakgrunnen for den nye ordninga at mykje av tilskottet Mental Helse og dei andre brukarorganisasjonane får i framtida skal vere basert på arbeidet dei frivillige gjer i organisasjonen, og kor mange frivillige som gjer dette arbeidet.  Eitt av formåla er at tilskottsordninga skal legge til rette for medlemmene si deltaking i organisasjonen og at organisasjonane kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gje sørvis til eigne medlemmer. NB! Nesten all aktivitet i lokallaget kan reknast som likepersonsarbeid.

Klikk på fana Likeperson. Der finn du opplysningane du treng, og opplegget har blitt noko forenkla sidan i fjor. Lykke til!

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.