Møre og Romsdal

Likpersonsaktivitetane genererer midlar

Rundt om i lokallaga er det mange aktivitetar. Nemnast kan t.d. møteplassar, turar, trening i basseng og kurs. Registrerer lokallaget aktivitetane og kven som tek ansvar for kvar aktivitet, gjev det pengar til lokallaget. 

På heimesida til Mental Helse finn du fana Likeperson. Der er informasjon om kva som vert rekna som likepersonsarbeid. Du finn også skjemaene du treng for å dokumentere aktivitetane i laget ditt. Denne ordninga med tilskott gjer at brukarorganisasjonane får tilskott basert på arbeidet dei frivillige gjer i organisasjonen, og difor er det viktig å kunne dokumentere aktivitetane.  NB! Nesten all aktivitet som vert utført i lokallaget kan reknast som likepersonsarbeid.    

Under fana For medlemmer på nettsida finn du  Likeperson. Her finn du ein video som forklarar kva likepersonsarbeid er. Der ligg også skjemaene du treng. Dei kan fyllast ut digitalt eller skrivast ut og fyllast ut med hand. Kanskje det er enklast å gjere det siste og fylle ut skjemaene med hand etter kvart som aktiviteten har skjedd. Då vert det gjort fortløpande. 

Tenkt tilbake på aktivitetar de har hatt i lokallaget ditt i 2017 og kven som hadde ansvaret for kvar aktivitet og begynn utfyllinga av listene. Treng du hjelp, ta kontakt med fadderen din i fylkesstyret, og du får rettleiing.

I 2018 får du e-post med opplysningar med frist for innsending av skjemaene. Lykke til!

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.