Møre og Romsdal

Likepersonsarbeid og rapportering

Medio 2015 fekk fylkeslaga og lokallaga melding om at ordninga med likepersonsarbeid er lagt om. Nytt var blant anna at laga rapporterte inn til Mental Helse sentralt aktivitetar i 2014 som kunne takast med i ordninga.

Målet var oppstart i 2015 med full gjennomføring i 2018. Bakgrunnen for den nye ordninga  er at mykje av tilskottet Mental Helse og dei andre brukarorganisasjonane får, i framtida vil vere basert på arbeidet dei frivillige i organisasjonen gjer lokalt.  Samt kor mange frivillige som tek ansvar for å gjere dette arbeidet.  Eitt av formåla er at tilskottsordninga skal legge til rette for medlemmene si deltaking i organisasjonen og at organisasjonane kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gje sørvis til eigne medlemmer.

 

Ein likeperson i denne ordninga er eit medlem som tek særleg ansvar for å organisere ulike former for likepersonsaktivitetar. Med andre ord ein arrangør av aktivitetar. Hugs at nesten all aktivitet som blir organisert i lokallaga er likepersonsaktivitet.

I vårt fylke rapporterte fire lokallag i tillegg til fylkesstyret aktivitetane sine innan fristen i august og fekk utbetalt likepersonsmidlar. Det er vel fleire grunnar til at så få lokallag søkte. Arbeidet kunne opplevast komplekst og med mykje skjemaarbeid (6 skjema å fylle ut). Vidare kunne det vere uklart kva som er likepersonsarbeid og likepersonsaktivitetar.  Utfordringa ligg i å gje kunnskap om ordninga, opplæring og støtte til å komme i gang med rapporteringa, og om rapporteringsordninga kan forenklast.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.