Møre og Romsdal

Landsmøtet 2018

Fredag 16. november til sundag 18. november vart landsmøtet i Mental Helse halde. Frå vårt fylkeslag møtte fylkesleiar Anna Margrethe Drægebø Moe med delegatane Stig Ålgårdstad og Oddrun Beyer Holm. Per Gimnes var observatør.

Blant dei som hadde helsingstaler var statsminister Erna Solberg, og det var kulturelt innslag.

Som vanleg stod årsmeldingar og rekneskap på dagsorden og vart tekne til orientering. Dei fortel om god drift og styring av organisasjonen.

Landsmøtet 2016 vedtok at det skulle utarbeidast forslag til ny profil. Profilutvalet sitt forslag vart framlagt. Etter noko debatt enda det med  at 30 stemte for ny profil og 32 for å behalde noverande profil med litt justeringar.

På forrrige landsmøte var det det også bestemt å vurdere Mental Helse (MH)sitt medlemskap i FFO. Eit FFO-utval vart seinare utpeika . Det vurderte fleire alternativ: MH står åleine, knyttar seg til ein anna paraplyorganisasjon eller bidreg til å stifte ein ny paraplyorganisasjon. Landsmøtet bestemte at MH fortsatt skal vere medlem i FFO.

Vedtektsutvalet (som ba om innspel frå lokal- og fylkeslag under prosessen) hadde utarbeidd forslag. Blant endringane som  landsmøtet vedtok, kan nemnast at i tillegg til fylkesleiar skal kvart fylkeslag ha tre årsmøtevalde delegatar. Ved siste landsmøte var det redusert til to årsmøtevalde.

Etter vedtekt § 10.10 var det ikkje anledning for sentralstyremedlemmene å ha andre verv i organisasjonen.  Det vart vedteke at sentralstyremedlemmer ikkje kan ha verv på fylkesnivå. Såleis kan t.d. ein lokallagsleiar no sitte i sentralstyret. Det kan nemnast at innspela frå MH Sykkylven og MH Møre og Romsdal vart lytta til.

Samfunnspolitisk program og strategi fortel kva vi skal arbeide med i landsmøteperioden. Utvalet sitt forslag vart vedteke med nokre tilføyingar.

Medlemskontigenten vart som tidlegare med ei lita endring der tilleggsmedlemskapet MHU vart redusert frå kr 100 til kr 75.

Laurdagskvelden var det festmiddag med underhaldning og markering av at MH er 40 år. Gratulerer til  Helga Skåden som vart tildelt æresmedlemskap i Mental Helse.

Det vart vedteke to resolusjonar. Dei handlar om MH si bekymring for utvikling av tilbodet innan psykisk helse og at Helsedirektoratet må sikre forsvarleg opplæring av kontrollkommisjonens sine lekmedlemmer.

Siste sak på dagsorden var val. Jill Arild vart ny landsleiar. Her kan du lese opp kven som vart valt til verva elles. Gratulerer og lykke til i verva!

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.