Møre og Romsdal

Kurset i brukarmedverknad skapte engasjement

Tredje helga i oktober vart brukarrepresentantar og lokallagsmedlemmer som kan tenke seg å verte brukarrepresentant, inviterte til kurs. Målet med kurset er å gjere dei tryggare i rollen som brukarrepresentant, samt gje dei som er interesserte i å verte brukarrepresentantar kunnskap om kva rollen inneber.

Brukarmedverknad er ein lovfesta rett som tenesteapparatet må forhalde seg til. Ein brukarrepresentant skal m.a. vere «personleg eigna», jobbe samvetsfullt, ha tid og kapasitet for å bidra til å påverke tenesta til beste for brukarane.

 

Det var Jill Arild og Wenche Stenstrup som dei to kursdagane losa kursdeltakarane gjennom kursprogrammet som omfatta historikk og lovheimlar, brukarerfaring som gyldig kunnskap, nivå i brukarmedverknad/dilemma, oppnemning/prosess og praktisk tilrettelegging.  Jill og Wenche veksla mellom å presentere temaene som vi jobba vidare med i grupper. Prosessen som skjer i ei gruppe, der det kjem fram gode idear og innspel, vert diskusjonar og vurderingar, er viktige og gjev betre læring enn «dosering».

Kurshaldarar skapte engasjement hos kursdeltakarane og samspelet dei mellom bidrog til trygt og godt læringsmiljø med mange innspel frå deltakarane også i plenum. Mange av gruppearbeida vart hengt på veggen, og deltakarane fotograferte dei for bruk seinare.

 

Mot slutten av kurset var det rollespel. Settingen var at sjukehuset skal utarbeide plan for rett og redusert bruk av tvang. Brukarrepresentanten sit i møte saman med fagpersonane og prøver å finne høveleg tidspunkt for å komme med innspel i saka.  

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.