Møre og Romsdal

Kurs i inntektsgjevande aktivitetar

Godt å få rettleiing av Frode

Nyleg arrangerte fylkesstyret desentraliserte kurs i likepersonsarbeid og studiearbeid med opplæring i bruk av registeringsverktyet KursAdmin. Først i Kristiansund, så i Ålesund.

Fylkesstyret valde å prioritere opplæring i aktivitetar som gjev inntekter til lokallaga. For å legge til rette for mindre grupper på kursa og kortare reiseveg for dei fleste lokallaga, heldt vi desentraliserte kurs.

 

Stig gjorde greie for likepersonsarbeid og fortalde om gjeldande retningslinjer, økonomi og rapportering. Han la m.a. vekt på at kvalitet er viktig i arbeidet og at lokallagsstyret skal vurdere om dei som skal vere likepersonar er skikka for oppgåva, og gjere vedtak om kven som skal ha oppgåva. Skal ein vere likeperson for born/unge og personar med kognitiv svikt skal ein ha politiattest, og som likeperson har ein teieplikt.  Han synte informasjonsvideoen og kvar skjemaene ein skal bruke er å finne, på nettsida under fana Likeperson. Fristen for å rapportere for 2016 er sett til 10. november, jf. e-post til alle lokallaga, og ein kan pårekne utbetaling i februar. Alle som har har gått kurset har fått opplæring og er godkjende som likepersonar.

Anna Margrethe orienterte om viktige reglar som gjeld studiearbeidet som er heimla i Voksenopplæringslova og tilhøyrande føresegner.  Ho la m.a. vekt på at studieplaner er rammeplaner, og av ei studieplan kan lagast mange kurs. På www.funkis.no finn du studieplanene og det du treng vite om studiearbeid. Dei fleste aktivitetane i lokallaga kan registrerast som kurs. Deretter gjekk ho gjennom oppretting av kurs i kurssenteret og vidare innlegging av nødvendige opplysningar for å avslutte kurset i registringsverktyet KursAdmin.  Deltakarane hadde tilgang i øvingsplattforma og øvde på bruken av KursAdmin. Etter kurset kan lokallag kan gå saman og opprette kurs i KursAdmin (ID-nr 16058) og øve vidare i lag, og få dekt kursutgifter innan tilskottsramma (kr 140 x timetalet).  

 

I Kristiansund møtte åtte engasjerte deltakarar frå Nordmøre og Romsdal på kurset.

 

Deltakartalet i Ålesund var elleve. Dei også viste stort engasjement. Både Stig, Anna Margrethe og Frode kan kontaktast dersom de som deltok på kursa, ønskjer hjelp i vidare arbeid. Dersom andre enn dei som deltok på kurset vil lære KursAdmin på kurs i lokallaget, er det berre å kontakte Anna Margrethe som vil gje tilgang på øvingsplattforma i KursAdmin.   

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.