Møre og Romsdal

KUPP – kva er det?

Mang ein gong har du sikkert sett bokstavsamansetjinga KUPP og kanskje ikkje funne informasjon om kva som gøymer seg bak dei kryptiske bokstavane.  

Sentralstyret har oppnemnt KUPP som står for Kurs- og opplæringsutvalget. På første møtet etter landsmøtet vel sentralstyret leiar og ein representant frå fylkesleiarane inn i KUPP for to år. Om hausten møtest alle studieleiarane i fylkesstyret til studieleiarsamling, og dei vel to representantar blant sine til KUPP. I tillegg har utvalet sekretær som er frå administrasjonen.

 

KUPP skal sikre at det vert retta nok fokus på opplæringsarbeidet i organisasjonen. Blant anna skal utvalet bidra til auka kompetanse og trivsel i organisasjonen gjennom å vere ei støtte for lokallag, fylkeslag og studieleiarar. Ei anna viktig oppgåve er å framskaffe og utvikle eige læremateriell.  I Strategi for organisasjonsopplæring 2016 - 2018 står det meir på s 12 om kva KUPP skal arbeide med.  

Det kan nemnast at i tillegg til at KUPP har ansvar for studieleiarsamling for alle fylkesstudieleiarane  kvar haust (gjerne i september) har utvalet også til oppgåve å invitere nye studieleiarar som vart valt inn i fylkesstyra til grunnleggande opplæring i studiearbeid og bruk av registreringsverktyet KursAdmin. Denne samlinga skjer i mai eller juni.

KUPP består av Wenche Stenstrup (leiar), Aina N. Rugelsjøen, Anders Øyan og Anna Margrethe Drægebø Moe. Organisasjonsrådgjevar Barbro Aas er sekretær

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.