Møre og Romsdal

Jubileumskonferansen i Mental Helse og utdeling av prisar

På konferansen var det underhaldning ved Kari Svendsen

Mental Helse markerte sine 40 år med jubileumskonferanse på Gamle Logen i hovudstaden 8. mars.  Statsminister Erna Solberg opna konferansen som hadde temaet Tilhørighet og samspill.

Statsministeren tok mellom anna fram anerkjenninga av brukarkompetansen,  at helse- og omsorg skal ta utgangspunkt i pasienten sitt behov. Folkehelse er korleis vi har det som menneske, psykisk og fysisk helse er likestilte i folkehelsa. Tidleg hjelp er viktig fordi ein god barndom varer livet ut. Helsestasjon og helsesøstertenesta er styrka, og det er viktig. Ho nemnde  kor viktig det er med møteplassar og aktivitetar som bidreg til vekst og auka forståing,  og avslutta med å takke for Mental Helse si viktige stemme gjennom 40 år.

Ellen Margrethe  Carlsen, avd.direktør i Helsedirektoratet snakka om kor viktig det er å finne barna som er utsett for grov omsorgssvikt og gje dei tidleg hjelp. 1 av 10 på ungdomssteget er veldig plaga av einsemd. Ungdommen sitt sjølvbilde har vorte forverra, og mange har ikkje gode forventningar til framtida. Psykisk helse blant barn og unge er den største utfordringa for kommunane.

Mattias Øhra, høgskulelektor sitt tema var sjølvrealiseringa i vår tid. Alle skal realisere seg sjølv, både familie og born. Når ein ikkje greier å leve opp til alle krava, rettar ein kritikken innover mot seg sjølv. Presset vi vert utsett kan føre til kronisk stress. Det er tabu å vere einsam. Vi må synest det er ålright å vere alminneleg.  Likevel har dei fleste har det veldig bra.

Noregs mest populære fastlege, Jørgen Skavland, målbar mange tankar om endringar og haldningar. Det har vorte slik at i staden for å snakke med vener og naboar går vi til profesjonelle, coash. Helsa sit i hovudet. Vi har sterkaste velferda i verda men er meir sjukmelde enn i andre land.

Ingrid Marie Bruun la vekt på samspelet mellom gammal og ung, det å ta vare på kvarandre og få hjelp i tide. Frivilligheten Norge (Stian Slotterøy Johnsen) stilte spørsmål ved om vi skal bygge eller forebygge. Aktivitetar skapar fellesskap som er godt for menneska og gjev god helse. Mange har fått eit betre liv ved å delta i frivillig arbeid, og via frivilligheit har somme kome seg i arbeid.

 

Om kvelden var det show og festmiddag på Gamle Logen. Då delte Mental Helse ut sine tre årlege prisar: Årets eldsjel, Beste møteplass og Beste nettside. Det er svært gledeleg at to av prisane gjekk til vårt fylkeslag. Styreleiar i Mental Helse Sykkylven, Stig Ålgårdstad, fekk prisen Årets eldsjel . Mental Helse Ålesund fekk prisen for beste nettside som styreleiar Liisa Karla tok mot. Mental Helse Lillesand fekk prisen for Beste møteplass. Prisane er på kr 10.000 som tilfell dei respektive lokallaga.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.