Møre og Romsdal

Helseteneste i nedoverbakke

I fleire år har det vore nedskjeringar i Helse Møre og Romsdal HF. I desember vedtok styret i Helse Møre og Romsdal HF nytt kutt -  det skal bort 200 stillingar i løpet av kort tid. Brukarar fortvilar.

På bordet kom forslag om nedlegging av DPS Sjøholt. 5 av dei 12 døgnplassane skal leggast ned. Fylkesleiar Anna Margrethe Drægebø Moe skreiv innlegg i avisene og uttala seg til media. Brukarar har stått fram og fortalt om behovet for døgnplassane og konsekvensane av nedlegginga. I ekstraordinært møte 24. januar skal styret behandle kuttforslag i heile helseforetaket. 

Nedanfor er fylkesleiar sitt innlegg:

Helseteneste i nedoverbakke.
I desember bestemte styret for Helse Møre og Romsdal HF at 200 stillingar i helseforetaket skal fjernast i løpet av svært kort tid.  På lokalnyheitene 4. januar vart det sagt at distriktspsykiatrisk senter,  DPS Sjøholt, skal leggast ned. Av dei 12 døgnplassane ved  DPS Sjøholt skal  7 overførast til DPS Vegsund. Det medfører ein reduksjon på 5 døgnplassar innan psykiatri og rus. Mental Helse er svært uroa for kva som vil skje med menneska som ikkje får den hjelpa dei treng i tide. 

Vi veit at mange må vente altfor lenge for å få psykisk helsehjelp.  Ventetida er slitsom og krevjande for både pasienten og pårørande medan sjukdommen får utvikle seg vidare. Ved reduksjon i døgnplassane og personalet vil dette trykket auke. Det er eit krav at dersom eit behandlingstilbod vert lagt ned, må eit nytt tilbod som ikkje er dårlegare for pasienten, vere klart først. Mental Helse ser med uro på at pasientgruppa kan verte skubba over på kommunar som manglar fagfolk og rett tilbod. Departementet seier at kommunane i løpet av 2020 skal ha tilsett psykolog og at kommunane skal få statsstøtte til stillingane, men det inneber ikkje full dekning av utgiftene. Ei svært stor utfordring vert å skaffe mangelvara, psykologar.   Staten må auke utdanningskapasiteten, og utdanning av ein psykolog tek mange år. Med andre ord eit langsiktig arbeid. Godt helsearbeid skjer tverrfagleg gjerne saman med andre fagfolk (t.d. miljøterapeut, vernepleiar/sjukepleiar) i kommunen.  Slike fagfolk er også  ei mangelvare i mange kommunar.

«Den gylne regelen» slår fast at veksten i den psykiske helsetenesta skal ha større vekst enn den somatiske. Bebuda nedskjering av det psykiske helsetilbodet er ei nedtrapping. Sist haust vart pakkeforløpa innan psykisk helse og rus lansert. Dei vart sett i verk frå januar i år og utover. Målet er at pasienten skal  vere med og planlegge sitt eige behandlingsforløp og såleis ha medverknad i behandlinga si frå begynnelse til slutt. Gjennomføringa skal skje utan styrking av personalet, noko Mental Helse stilte spørsmål ved om det er realistisk. Vi ser ikkje at det er råd å iverksette pakkeforløpa med reduksjon av personale og døgnplassar. I strategi 2030 er det uttala at ein skal skape pasienten si helseteneste. Den vert ikkje skapt ved å ta bort tilbod utan at det er bestemt kva som skal komme i staden.

Mental Helse krev at før det skjer reduksjon i døgnplassar ved DPS Sjøholt, må det vere avklara kva tilbod pasientane får i staden.  Det nye tilbodet må vere minst like godt for pasientane og pårørande som det som vert teke bort.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.