Møre og Romsdal

Godt regionrådsmøte i Nord- og Midt-Noreg

Rådet består av leiarane og nestleiarane i fylkeslaga i ovannemnde region. Dersom nokon av dei faste får forfall, møter eit styremedlem. Det er vanleg at rådet har to møter i året, vår og haust. Organisasjonsråd- gjevar Sølvi Hagen er sekretær.

Fast post på dagsorden er nytt frå fylkeslaga etter førre møte. Det er nyttig og lærerikt å høyre om og korleis andre fylkeslag arbeider.

Frå Kvæfjord Opplevelse og Aktivitet (KOA) møtte Øyvind Lorentzen og Ola Skavhaug. Dei orienterte om formålet, målgruppa, behandlingstilbodet og korleis tilvisinga dit skjer. Behandlingssenteret er godkjent gjennom spesialisthelsetenesta og Fritt behandlingsval. Det er behandlingssenter i Levanger og Salangen med 30 plassar på kvart senter som har individuell og heilskapleg behandling – døgn (ikkje poliklinisk).

Med utgangspunkti landsmøtet 2016 sitt vedtak om gjennomgang av Mental Helse sitt medlemskapi FFO tok landsleiar Kristin Kise Haugland opp temaet for innspel. Elles kom han innpå strategi for å gjere fylkeslaga betre og nemnde leiarmøtet (fylkesleiarane og sentralstyret) som kjem saman to gonger i året og utvekslar erfaringar og samarbeid. Han orientert også om korleis det vert jobba mot politikarane.

Utviklinga i studiearbeidet sidan 2015 i regionen har vore vekslande frå fylke til fylke. Tal som Anna Margrethe Drægebø Moe (KUPP) la fram for studieaktiviteten hittil i år syner også store variasjonar frå fylke til fylke.

Karl Johan Johansen i gruppa for prosjektet Norsk Brukerforum orienterte om arbeidet.  Målet er å forbetre og kvalitetssikre at brukarrepresentane  har forutsetningar for å utføre vervet sitt for Mental Helse og møte dei einskilde verksemdene sine forventningar og mål til brukarrepresentantar innan psykisk helsearbeid.

Til slutt bestemte rådet at neste møte skal vere i Stjørdal 16. -18. mars 2018 og hadde fleire innspel til tema.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.