Møre og Romsdal

Godt og lærerikt styreseminar/ «Bli-kjent-møte»

Ein føresetnad for at einskilde delar skal fungere godt saman, er at dei vert føya saman og laga eit godt byggverk av. Såleis hadde det nye fylkesstyret og varamedlemmene styreseminar.

Det er alltid spennande når nytt styre vert valt. Medlemmer med fartstid i styret har ein del erfaring medan nye medlemmer oftast føler dei har kome inn i ukjent farvatn.  Då er det godt for styret å samlast meir uformelt der seniorane er bevisste ansvaret sitt for å inkludere nyvalde medlemmer og ta vare på dei. Med dette som bakteppe kombinert med å lære meir kom styret og varamedlemmene saman til styreseminar som også fungerer som «Bli-kjent-møte». Saman med oss var også fylkessekretæren vår, Åshild.

På siste landsmøte vart det vedteke nokre endringar i vedtektene for Mental Helse. Vedtektene er lovene våre. Stig gav innføring i vedtektene og endringane som vart gjort. Elles la han vekt på at organisasjonen har nokre «forskrifter» som vi også skal følgje og nemnde  Økonomiplakaten, Rutine for konflikthandtering internt i Mental Helse og desisjonskomitéen si tolking av vedtektene.  

 

Vi har eit eige styringsdokument kalla «Strategihefte for fylkesstyret i Møre og Romsdal». Det vart utarbeidd i 2011. Sidan har det vorte oppdatert årleg med endringar som årsmøtet og fylkesstyret har gjort. Heftet er såleis eit levande arbeidsdokument for fylkesstyret og bidreg til at vi held stø kurs i arbeidet vårt. I tillegg er årshjulet ein god reiskap i drifta. Organisasjonsrådgjevar Sølvi gjekk gjennom heftet stegvis, og det vart utveksla mange tankar og meiningar undervegs i tilknytning til innhaldet i heftet og drifta av fylkeslaget.    

 

 

  

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.