Møre og Romsdal

Framleis fin auke i studiearbeidet

Gledeleg at det framleis er auke i studiearbeidet i fylkeslaget vårt.  I lokallaga er det mange aktivitetar som kan setjast i system og registrerast som studiearbeid. Ein kan få dekt kostnader som t.d. honorar, materiell reise, servering, tilrettelegging.  

Mental Helse legg vekt på opplæring og studiearbeid, og gjev 30 kroner ekstra pr time til kurs i organisasjonen sine  satsningsområde, brukarmedverknad og organisasjonsopplæring. Nedanfor er oppsett over studiearbeidet i fylkeslaget vårt.

År

Tal kurs

Timetal

Deltakarar

OT og TRT

Tal lag *)

2016

31

318

185

Kr 62.479

6

2017

39

445

217

Kr 79.997

6

2018

33

499

186

Kr 97.478

5

 *) Tala fortel kor mange lokallag i tillegg til fylkesstyret heldt kurs.

Auken i studiearbeidet frå 2016 til 2017 var 40 %. Frå 2017 til 2018 var den 12 %. Godt jobba rundt om i laga.  

Opplæringstilskottet (OT) er kr 80 pr time, og i tillegg får ein tilretteleggingstilskott (TRT) som skal fjerne hindringar for at personar skal kunne delta. Såleis får ein dekt utgifter etter nokre enkle reglar. Har ein kurs med utgifter mindre enn kr 400 eller ingen utgifter får ein kr 400 i tilskott.

Mange har opplevd registreringsverktyet KursAdmin som vanskeleg å bruke.  I løpet av året skal det takast i bruk nytt registreringsverkty der målet er at det skal vere så enkelt å bruke at ein ikkje treng gå kurs for å lære det.

Vi ønskjer alle lokallaga godt kursår.

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.