Møre og Romsdal

Endringar i kurstilskottet frå Funkis

Frå 1. april vert det endringar i tilskottet frå Funkis. Merk deg at alle kurs som vert avslutta og ferdigmelde før 1. april kan få tilskott etter noverande satsar.

I 2018 held Funkis fram med å fordele to typer statlege tilskott til medlemsorganisasjonane: Opplæringstilskott (OT) og tilretteleggingstilskott (TRT).

- Timesatsen for OT vert som før – kr 80 pr kurstime med dokumenterte utgifter.

- Minstesatsen for OT vert som før – kr 400 for kurs utan eller inntil kr 400 i utgifter.

Kompetanse Norge ga Funkis pålegg om nye rutiner vedkomande tilretteleggingstilskottet.  Såleis vert det endringar for TRT i 2018. Desse endringane gjeld kurs som vert avslutta og ferdigmelde etter 31. mars 2018.

Nye rutiner for tilretteleggingstilskottet etter 31. mars

- Merk at timesatsen for TRT er fjerna. Kurs som vert avslutta/ferdigmelde etter 31. mars 2018 får ikkje timesats – kr 60.  

-  Kursarrangøren må dokumentere kva tilretteleggingstiltak som vart gjennomført knytta til det enkelte kurset og kostnadene med det. Bilag for kostnadene skal kursarrangøren ta vare på og vise fram ved stikkprøvekontroll.

-  Kursarrangør som søker TRT fyller ut TRT-skjema og lastar opp i KursAdmin. Skjemaet vert knytta til det enkelte kurset. Inntil kr 3.000 søkjer ein direkte frå Funkis, men over kr 3.000 søkjer ein frå midlane Funkis disponerer til organisasjonen sitt sentralledd. Organisasjonen sitt sentralledd må ha gode rutiner for å kvalitetssikre at tilrettelegginga er forstått og rett rekna ut på lokallagsnivå.

-  Kravet om eiga grunngiing frå sentral kursleiar vert fjerna når tilskottet er over kr 15.000, men omtalen av tilretteleggingstiltaket er inkludert i nytt TRT-         søknadsskjema.

-  TRT-skjema og ny TRT-rettleiar vert å finne på funkis.no og i KursAdmin i løpet av mars. Tilskrift: Dette er no kome og ligg til slutt i artikkelen.

Konklusjon:
Dersom du avsluttar og ferdigmelder kurs før 1. april får du kr 140 (OT kr 80 + TRT kr 60) pr kurstime med dokumenterte utgifter. Etter 31. mars får du kr 80 (Berre OT) pr kurstime med dokumenterte utgifter.
Men har det vore tilrettelegging, kan du søke om det etter dei nye rutinene.  Her ligg link til Dokumentasjon av behov for tilrettelegging (TRT).

Ta gjerne kontakt med studieleiar Anna Margrethe Drægebø Moe – tlf 92 63 99 16 - dersom noko er uklart.

Dei nye skjemaene:

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.