Møre og Romsdal

Årsmøtet 2018 vel i hamn

Det nye styret med vara.

Det møtte tjuesju delegatar frå elleve lokallag, og som på førre årsmøte hadde trettito røysterett.  Frå tre lokallag kom åtte observatørar.  Sentralstyremedlem Jill Arild møtte også på årsmøtet.

Fylkesleiar Anna Margrethe Drægebø Moe ønskte velkommen og hadde namneopprop før ho gav ordet til Jill Arild. Jill fortalde at ho har eit godt inntrykk av fylkeslaget i Møre og Romsdal og det er viktig for sentralstyret (SST) å møte medlemmene. Lokallaga kan fremje saker gjennom SST. Jill la vekt på skulering og nemnde kurset i brukarmedverknad som er i gang samt kurset i politisk påverknad som skal utarbeidast. Elles tok ho fram nedbygginga som skjer innan spesialisthelsetenesta  - nedlagde sengeplassar  og kortare behandlingsforløp. Ho nemnde og medisinfri  behandling som skal gje tilbod om val/alternativ.

 

Godt frammøte med representantar frå elleve lokallag.

 

Som tidlegare år vart Iver Kåre Mjelve valt til møteleiar med Åshild Sivertsen som årsmøtesekretær.  Han losa oss trygt gjennom sakene. Etter behandling av årsmeldinga, rekneskapen med revisormeldinga, fastsetting av handlingsplanen og budsjett, la Synnøve Lange fram valkomitéen si innstilling til nytt styre.

Etter valet vart styret slik:
Leiar Anna Margrethe Drægebø Moe – ikkje på val
Nestleiar Frode Lyse – valt for 2 år
Styremedlem Per Gimnes – valt for 2 år
Styremedlem Irenes Sundholm – valt for 1 år
Styremedlem Tonny Roger Frøyen – ikkje på val

 

Framme frå venstre:  Anne Turid Angell  Vikstad (3. vara),  Benjamin Vågen (ungdomsrepresentant)  , Julianne Trøsken (ungdomsrepresentant vara) og Oddrun Beyer Holm (2. vara). Bak frå venstre: Frode Lyse, Irene Sundholm , Anna Margrethe Drægebø Moe, Per Gimnes og Tonny Roger Frøyen.  (1. vara Ingrid Løset var ikkje til stades).

Ungdomsrepresentanten  med vara er oppnemnde av  Mental Helse Ungdom.

Dei andre vala fekk slikt utfall:
Vara til leiarmøtet: 
1. Frode Lyse og 2. Per Gimnes.  (Fylkesleiar er fast representant).
Val av delegatar til landsmøtet:
Stig Ålgårdstad og Oddrun Beyer Holm. Vara: 1. Per Gimnes og 2. Arild Kvamme (Fylkesleiar er fast delegat).
Valkomitéen: Synnøve Lange, Marianne Helene Tangen Hammerø og Tone Lillian Wisth. Vara: Marit Palma Abelvik.

Fylkesleiar takka Stig Ålgårdstad for godt arbeid i åra han har vore i styret og som nestleiar. Likeeins fekk møteleiar og årsmøtesekretær takk for vel utført arbeid.  

Hjelpetelefonen

Mental Helses Hjelpetelefon er et landsdekkende og døgnåpent tilbud til deg som trenger noen å snakke med. Tilbudet er gratis, og vi har fast ansatte veiledere som betjener  telefonen 24 timer i døgnet 365 dager i året.  

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.