Oppfordring til alle

Sykkylven kommune inviterar til ope folkemøte om kommunal helse og omsorgsplan. Møte vet halde på kulturhuset torsdag 16. februar kl. 19-21.

Mental Helse Sykkylven oppfordrar alle som bryr seg om framtida til helse og omsorg i kommunen til å delta på dette møtet. Planen gjeld stort sett heile vårt framtidige tilbod innan helse og omsorg. Spesielt vil vi oppfordre dei frivillige brukarorganisasjonane om å delta på møte. Skal vi som organisasjonar ha noko muligheit til å påverka må vi vere synlege. Vi i lokallaget til Mental Helse var med i høyringsprosessen rundt utforming av planprogrammet, der fikk vi med at frivillige organisasjonar er ein ressurs med erfaringskompetanse. Nå er det viktig at vi viser dette.

Skriv ut


Våre tjenester