Møre og Romsdal

MH Stordal på fakkelmarkering mot helsekutt

Eit par av oss frå Mental Helse Stordal

Ein gjeng frå lokallaget vårt stilte på fakkelmarkeringa ved Ålesund sjukehus måndag 21. januar. I frykt for dårlegare helsetilbod samla fleire hundre seg frå heile Sunnmøre til markeringa .

Av dei ni appellantane hadde ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, ordet først. Ho tok fram at det er forståing for at ein må omstille, men etter årevise omstillingar for hundrevis millionar kroner kan ein spare seg til fant.  Grensa for effektivisering og rasjonalisering er nådd.  Frå sine ståstadar sa også dei andre appellantane si meining.  Spørsmålet er om Møre og Romsdal får tilført dei nødvendige helsekronene dei bør få.

Dette var den tredje fakkelmarkeringa i Møre og Romsdal, og ein skal ikkje sjå bort frå at det vert fleire i solidaritet mot kutta i helseforetaket som m.a. kan føre til svekka pasientsikkerheit og rovdrift på tilsette.

Etter markeringa står faklar att i snøen. Dei  brenn ut, men ikkje kampen mot helsekutta.  

Møteplass

2. tysdagen i månaden frå kl 19.00 - 21.00 på frivilligsentralen i tidsrommet vår - haust (Sommartid). Vinterstid blir møta frå kl 18.00 - 20.00. Juli er møtefri. Klikk her og les meir. Vi har oftast eit tema med innleiar på desse møta. Det vert lagt ut under kalendar og medlemmene får sms.

Styremøte

Siste torsdagen i månaden kl 09.00 har vi styremøte på frivilligsentralen 

Tankar

Oppskriften på evig uvitenhet: Vær fornøyd med de kunnskapene du har.

Hjelpetelefonen

Mental Helse sin Hjelpetelefon er eit  tilbod til deg som treng nokon å snakke med. Tilbodet er gratis og har fast tilsette rettleiarar som svarar deg heile døgnet kvar einaste dag heile året. Det består også av Arbeidslivstelefonen og to nettenester,  Sidetmedord.no og Kameratstøtte.no.

Kursa våre

Klikk her og du finn info om kurs lokallaget arrangerer.

Møteplassane/aktivitetane våre

 Klikk  her og finn meir info om møteplassane som står i kalenderen.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.