Mental Helse / Fylkes- og lokallag / Møre og Romsdal / Lokallag / Stordal / Nyhende / Stordalingane vil lære meir data



Stordalingane vil lære meir data

På første datakurset for nybegynnarar melde det seg fleire enn det var plass til. Dermed var det duka for nytt kurs. Og i løpet av kort tid var dét kurset også fullteikna.

Såleis vert andre kurset halde torsdagskveldane 8., 15. og 29. mars, frå kl 18.00 – 21.00. Diverre fekk ikkje alle som melde seg, plass denne gongen heller. Melder det seg nok deltakarar, held vi  gjerne tredje kurset i grunnopplæring på data. Alle kursa våre er opne også for interesserte i nabokommunane. Vi har hatt deltakarar frå Norddal på datakursa. Snakk om datainteresserte pensjonistar her inne i fjordane! Etter litt hjelp inn i dataverda og øving, opnar ei vid verd seg. På nettet finns det meste vi treng å lese. Spennande. Berre iveren ikkje vert så stor at vi vert hekta og ikkje har tid til å nyte turane i skog og mark. Vel, her inne i fjordstròka er sjølvdisiplinen så god at faren er heller liten for at råsene gror att.

Elles har vi hengt opp plakatar om nybegynnarkurs i biletredigering. På dette kurset skal vi lære å bruke verktykassa til m a å rette opp bilete, beskjere, flytte motiv frå eit bilete og over i eit anna, ta bort noko vi ikke likar på biletet, justere fargar og flikke på ”gamle” bilete. Fleire har meldt seg på nemnde kurs.

Dei som har gått nybegynnarkurset i biletredigering, kan få lære meir. Vi arrangerer såleis kurs for vidarekomne i biletredigering. Her får du m a lære å lage fotoserie, skrive tekst på bileta og legge til musikk. Så brenne det ut på CD/DVD og du kan syne serien din på TV-skjermen. Påmeldinga er i gang her også.

Bjarne Johansen er lærar på alle data-kursa våre.

Norddal Husflidslag og Mental Helse Stordal samarbeider om arrangering av kursa i biletredigering. Du kan melde deg på til Einar Valldal tlf 95 11 09 96 eller Anna Margrethe Drægebø Moe tlf 92 63 99 16. Er du interessert i kurset for nybegynnarar, tek du kontakt med Anna Margrethe.

Skriv ut


Medlemsmøte

2. tysdagen i månaden frå kl 19.00 - 21.00 på ungdomsklubben. Juli er møtefri. Klikk her og les meir.

Galleri

Individualistar 

Tankar

Den som forstår andre, er virkelig klok, men den som forstår seg selv, er enda klokere.

Hjelpetelefonen

Mental Helse sin Hjelpetelefon er eit  tilbod til deg som treng nokon å snakke med. Tilbodet er gratis og har fast tilsette rettleiarar som svarar deg heile døgnet kvar einaste dag heile året. Tenesta består også av to nettenester, sidetmedord.no og kameratstøtte.no.

Aktivitetane våre

Klikk her og finn oversikt.