Stor interesse for datakurset
Djup konsentrasjon framfor skjermen
Datakurset for nybegynnarar er i full gang. Elleve melde seg og vi hadde plass til berre åtte. Men får vi tre deltakarar til, arrangerer vi eit nytt kurs straks.
Det er hengt opp plakatar på butikkane i Stordal, Norddal og på Sjøholt om kurs nr 2 for nybegynnarar. Dersom du som les dette, veit om nokon som er interesserte i lære å bruke data, ver vennleg og tips dei om kurset. På kurset skal ein lære å kjenne maskina og ta seg fram på ho. Vidare prøve forskjellige bruksområde/program, legge inn bilete og gå inn på internett. Kursavgifta er kr 800. Kurset blir halde på frivilligsentralen. Kontakt Anna Margrethe Drægebø Moe tlf 92 63 99 16 snarast og innan 12. februar.
Elles skal Norddal Husflidslag og Mental Helse Stordal arrangere to kurs i biletredigering, eitt for nybegynnarar og eitt for vidarekomne. Så snart det melder seg nok deltakarar til dei to kursa, blir dei sette i gang. Kursstaden blir på frivilligsentralen i Stordal. Bjarne Johansen blir lærar også på desse kursa. Deltakaravgifta for kvart kurs er kr 800. Her kan du melde deg på til Einar Waldal tlf 95 11 09 96 eller Anna Margrethe Drægebø Moe tlf 92 63 99 16 innan 16. februar.
Medlemsmøte
2. tysdagen i månaden frå kl 19.00 - 21.00 på ungdomsklubben. Juli er møtefri. Klikk her og les meir.
Galleri
Individualistar
Tankar
Den som forstår andre, er virkelig klok, men den som forstår seg selv, er enda klokere.
Hjelpetelefonen
Mental Helse sin Hjelpetelefon er eit tilbod til deg som treng nokon å snakke med. Tilbodet er gratis og har fast tilsette rettleiarar som svarar deg heile døgnet kvar einaste dag heile året. Tenesta består også av to nettenester, sidetmedord.no og kameratstøtte.no.





