Møre og Romsdal

Heimetenesta tema i MH Stordal

Jula er over, vi er i gang att med temamøte. Kjetil Heggem er omsorgsleiar for opa omsorg som omfattar heimetenesta og butenesta i kommunen.  Han  orienterte om heimetenestene.

Samhandlingsreforma seier at ein skal få rett behandling på rett stad til rett tid. Brukarmedverknad står svært sentralt i arbeidet, og det skal leggjast til rette for meistring hos brukaren og best mogeleg utnytting av ressursane. Prinsippet er at ein skal få hjelp på lågast mogeleg omsorgsnivå. Med andre ord, ein skal ikkje gå høgare opp i omsorgstrappa enn nødvendig. Det vert brukt kartleggingsskjema i arbeidet med å finne den beste helsehjelpa til kvar einskild brukar. Han nemnde også at dei som har vedtak om heimesjukepleie, har rett på gratis tannhelsehjelp. For ernæringa er det viktig med god tannhelse. Elles vert helsefremjande og førebyggande arbeid vektlagt.  Alle som oppheld seg i kommunen, både fast og mellombels, har rett på helsehjelp.

Kjetil  informerte om velferdsteknologi som kan brukast for å trygge heimebuande. Det er også utvikla velferdsteknologi til bruk på sjukeheimane slik at nattevakta ikkje behøver å gå runden blant bebuarane. Slik unngår ein å uroe/vekke bebuaren.  Nattevakta får i staden frigjort tid til å ta seg av bebuarar som har behov for at nokon er saman med dei.

Han fortalde også om framtidas helseteneste og utfordringane ein vil møte, og refererte til fleire kapasitetar på området som tek fram nokre utfordringar som:  Mellom livsforlenging og livskvalitet er det ein etisk balanse, kva som er til pasientens beste.  Brukarane har klare forventningar og ønskje til framtidas helsehjelp som krev god samhandling og stiller store krav.  I framtida vil ein møte ein heilt anna pasient enn i dag, og det vil verte hardare prioriteringar og endra arbeidsformer. Det viktigaste vert å sikre befolkninga likeverdige helsetenester. Heile tida må det takast omsyn til kva som skjer med befolkninga, det teknologisk og politikarane sine beslutningar.

Stordal og Norddal kommunar arbeider med tilrettelegging for drifta av den nye kommunen, Fjord.  Kjetil fortalde at det er utarbeidd målsetjingar for dei kommunale tenestene og prinsipp for tenesteyting i den nye kommunen, Fjord. Det kan du lese meir om på www.fjord.kommune.no

 

 

Møteplass

2. tysdagen i månaden frå kl 19.00 - 21.00 på frivilligsentralen i tidsrommet vår - haust (Sommartid). Vinterstid blir møta frå kl 18.00 - 20.00. Juli er møtefri. Klikk her og les meir. Vi har oftast eit tema med innleiar på desse møta. Det vert lagt ut under kalendar og medlemmene får sms.

Kursa våre

Klikk her og du finn info om kurs lokallaget arrangerer.

Tankar

Oppskriften på evig uvitenhet: Vær fornøyd med de kunnskapene du har.

Hjelpetelefonen

Mental Helse sin Hjelpetelefon er eit  tilbod til deg som treng nokon å snakke med. Tilbodet er gratis og har fast tilsette rettleiarar som svarar deg heile døgnet kvar einaste dag heile året. Det består også av Arbeidslivstelefonen og to nettenester,  Sidetmedord.no og Kameratstøtte.no.

Styremøte

Siste torsdagen i månaden kl 09.00 har vi styremøte på frivilligsentralen 

Møteplassane/aktivitetane våre

 Klikk  her og finn meir info om møteplassane som står i kalenderen.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.