Møre og Romsdal

Frå Stordal til Langevåg i førjulstida

Vi enda på "Spisestua" i år som i forfjor.

Det er mindre enn fire veker til julaftan. Kakeboksane  og frysaren er svoltne, ventar påfyll. Kjevlet ligg klart, vil gjerne trille på bakstebordet. Fårerullane og syltetaflesket ligg fornøgde i press.

Vi var på Outlet- butikkane i Langevåg  i 2016. I mellomtida er butikkareala utvida. Meir å sjå, meir å bla i. Vi reiser ditigjen. Svirrar rundt, driv innom den eine butikken etter den andre.  I den endelause butikkprærien mister vi kontakta. Mobiltelefonane er redninga,

Koppar, vasar, kort sagt alt det som vi kan stille ut i heimane, dreg mest. Virrar rundt, studerer og vurderer. Mykje fint til å ha i heimane som bugnar av ting frå før. Men likevel, kan vere kjekt med ein ny kasserolle utan langskaft. Betre å plassere kasserollar med øyre i gryteskåpet. Julegåver vert kjøpt. Nokre svirrar innom ullvareutsalet. Gode tilbod på ullklede. Vi har hatt ein kuldebolk, meir kulde kan komme. Kjøper feilvare merka med feil vi ikkje kan sjå.  

Ikkje berre auga er svoltne. Magen varslar tid for påfyll. Vi tek eit kråketing. Ikkje noko å haste heim etter. Jula vil komme om vi sleng nokre timar til. Mangeårige erfaringar har lært oss at baksten er på plass i boksar og frysarar, det skin i kva ei krå når jula gjer sitt inntog i heimen. Skal vi slenge, så skal vi slenge. Vi endar på «Spisestua» på Moa med god tid for mat og prat i denne søte førjulstida. 

Møteplass

2. tysdagen i månaden frå kl 19.00 - 21.00 på frivilligsentralen i tidsrommet vår - haust (Sommartid). Vinterstid blir møta frå kl 18.00 - 20.00. Juli er møtefri. Klikk her og les meir. Vi har oftast eit tema med innleiar på desse møta. Det vert lagt ut under kalendar og medlemmene får sms.

Kursa våre

Klikk her og du finn info om kurs lokallaget arrangerer.

Tankar

Oppskriften på evig uvitenhet: Vær fornøyd med de kunnskapene du har.

Hjelpetelefonen

Mental Helse sin Hjelpetelefon er eit  tilbod til deg som treng nokon å snakke med. Tilbodet er gratis og har fast tilsette rettleiarar som svarar deg heile døgnet kvar einaste dag heile året. Det består også av Arbeidslivstelefonen og to nettenester,  Sidetmedord.no og Kameratstøtte.no.

Styremøte

Siste torsdagen i månaden kl 09.00 har vi styremøte på frivilligsentralen 

Møteplassane/aktivitetane våre

 Klikk  her og finn meir info om møteplassane som står i kalenderen.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.