Møre og Romsdal

Førjulsfest i Stordal

Kvelden vart avslutta med "Deilig er jorden".

Det er tradisjon å invitere medlemmer og andre interesserte til førjulsfest andre tysdagen i desember. I år er det åttande gongen og ny rekord med 37 til bords.

Første åra heldt vi til i Mo bedehus. Etter som åra gjekk, deltok fleire og fleire på førjulsfesten, og vi flytta til frivilligsentralen med større lokale. På første førjulsfest var vi 17 til bords, og med åra har deltakinga vakse jamt og meir enn dobla seg til 37 i år. 

 

Ute har det etter nokre dagar med blankt nedbør vorte nokre få blå grader og styggeleg glatt. Det er godt å komme innandørs og setje seg ved fint dekka langbord pynta med lys, lykter, eine og sypress. God prat fyller straks rommet. Anna Margrethe ønskjer velkommen og vi tonar i med Prøysen si julekveldsvise. Så enkel i ordval, men god og kjær, fører den oss tilbake til forventningane i barndommens jul. 

 

Tradisjonen tru har vi koldtbord med mat som frydar ganen. Det er så mykje å velje i at vi må gå minst to gonger for å smake på det meste. 

 

Kjellaug formidlar ei forteljing av Mons Sandnes, tidlegare lensmann i Synnylven. Det handlar om guten som har lyst på sidbrok. Han vasskjemmer håret for å sjå meir karsleg ut og stiller seg opp framfor spegelen og med drøymande tankar ser seg sjølv i sidbrok. Sidbrok er toppen av alt for guten, Han får sidbrok av ei tante, dreg på seg buksa. Finn eit høveleg belte. Vasskjemmar håret, stikk hendene i lommene og går karsleg ut på åkeren til faren som pløyer. Han støttar guten ved å behandle han som vaksen, let han styre hesten, og guten veks endå meir. 

 

Astrid spelar gitar og er forsangar saman med Brit og Ingebjørg. Julekveldsvisa av Jakob Sande fyller rommet. Diktaren har stort spenn i diktninga. Han skreiv denne songen som har fått plass i salmebøkene. I det kjende diktet «Kallen og katten» syner han sin groteske humor. 

 

Takk til Jorunn, Bjørg og Grete som saman med Alfhild M. er meistrane for den nydelege maten og fint pynta bord. Dei får seg ein velfortent pause i serveringa. Så er det slik at alt som er kjekt har ein ende. Det er tid for å finne heimvegen. 

Vi avsluttar samværet med å reise oss og i takksemd syng «Deilig er jorden» før vi bryt opp og takkar for oss og ønskjer kvarandre ei fin julehelg.

Møteplass

2. tysdagen i månaden frå kl 19.00 - 21.00 på frivilligsentralen i tidsrommet vår - haust (Sommartid). Vinterstid blir møta frå kl 18.00 - 20.00. Juli er møtefri. Klikk her og les meir. Vi har oftast eit tema med innleiar på desse møta. Det vert lagt ut under kalendar og medlemmene får sms.

Kursa våre

Klikk her og du finn info om kurs lokallaget arrangerer.

Tankar

Oppskriften på evig uvitenhet: Vær fornøyd med de kunnskapene du har.

Hjelpetelefonen

Mental Helse sin Hjelpetelefon er eit  tilbod til deg som treng nokon å snakke med. Tilbodet er gratis og har fast tilsette rettleiarar som svarar deg heile døgnet kvar einaste dag heile året. Det består også av Arbeidslivstelefonen og to nettenester,  Sidetmedord.no og Kameratstøtte.no.

Styremøte

Siste torsdagen i månaden kl 09.00 har vi styremøte på frivilligsentralen 

Møteplassane/aktivitetane våre

 Klikk  her og finn meir info om møteplassane som står i kalenderen.

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.