Mental Helse / Fylkes- og lokallag / Møre og Romsdal / Lokallag / Stordal / Nyhende / Demens på dagsorden i Stordal



Demens på dagsorden i Stordal

Høgskulelektor og helsesøster Anne-Sofie Egset var ein av forelesarane

Første helgesamlinga var svært interessant og givande med engasjerte forelesarar. Dei gav oss god innføring i  problematikken rundt demensråka og det å vere pårørande.

I overkant av 20 møtte på pårørandeskulen 10. og 11. februar. Dyktige forelesarar fekk i stand god kommunikasjon med eit lydhørt publikum. Vi som var til stades, utgjer nokre få av dei om lag ¼ million pårørande til om lag 70.000 menneska som er ramma av demens her til lands. Halvparten av dei sjuke bur heime. Heller ikkje skal vi sjå bort frå at nokre av oss som var til stades vil få ein demenssjukdom.

Auka levealder er hovudgrunnen til auken i demente. For å gjere det best mogeleg for personar med demens og deira pårørande, er det behov for ei kjede av tiltak. Det kan nemnast at diagnostikk i tidleg fase er viktig slik at  den demensråka kan få utprøvd medikament som kan bremse utviklinga av sjukdommen. Vidare er det viktig  med god informasjon om kva hjelpeapparatet kan tilby. I dei ulike fasene er det gjerne bruk for avlastning, dagplassar, korttidsplassar, tilrettelagde langtidsplassar og god terminalbehandling. Sentralt i dette ligg aktiv omsorg.

Vi fekk også vite at det er om lag 20 ulike demenssjukdommar og at alzheimer er ein av dei. Somme tilstander (t d. hjernesvulst, infeksjonar, depresjon, biverknad av medisin, lågt stoffskifte og vitaminmangel) kan likne demens. Det blei også fortalt om ti tidlege teikn på demens og om vanlege symtomar ved demens.

Demens har vore tabubelagt og det er viktig med meir openheit. Her blei tidlegare fiskeriminister Henry T. Olsen og kona Laila nemnt som gode ambassadørar. Då sjukdommen ramma, stod dei fram og fortalde om den.

Siste sekvens av denne samlinga omhandla lovverk som er viktig å kjenne til. Det blei m a berørt kven som blir rekna som pårørande etter lova, samtykkekompetanse og hjelpeverge. Første helga i mars blir neste helgesamling av pårørandeskulen som er eit samarbeid mellom Stordal Helselag, Mental Helse Stordal og kommunen.     

Skriv ut


Medlemsmøte

2. tysdagen i månaden frå kl 19.00 - 21.00 på ungdomsklubben. Juli er møtefri. Klikk her og les meir.

Galleri

Individualistar 

Tankar

Den som forstår andre, er virkelig klok, men den som forstår seg selv, er enda klokere.

Hjelpetelefonen

Mental Helse sin Hjelpetelefon er eit  tilbod til deg som treng nokon å snakke med. Tilbodet er gratis og har fast tilsette rettleiarar som svarar deg heile døgnet kvar einaste dag heile året. Tenesta består også av to nettenester, sidetmedord.no og kameratstøtte.no.

Aktivitetane våre

Klikk her og finn oversikt.