Mental Helse Stordal
Mental Helse Stordal er et lokallag i Mental Helse Møre og Romsdal. Stordal er et tettsted og kommunesenter i Stordal kommune. Stordal kommune strekker seg over 247,06 km², og er fylkets minste kommune med ca 1000 innbyggere.
Det er kjekt for oss her inne å reise på oppdagelsesturar utover. Berre fåtals kilometer heimanfrå ligg mykje ”uoppdaga” land. Og vi finn stadig nye vakre Ørskog-grender å vandre i.
På nyåret var det pårørandeskule i Stordal med svært mange deltakarar. Med bakgrunn i at det seinare var interesse for å danne ei pårørandeforening, inviterte vi i lokallaget pårørande til møte.
”Den som sluttar å vere betre, sluttar snart å vere god” er sanne ord som står på innkallinga til den første framtidskvelden som vart halden 3. mai. Framtidskvelden var i høgste grad for alle og var nyttig.
Mai har gjeve oss mange overraskingar. Snøbyene utfordrar humøret gong på gong. Erleriene tek aldri slutt.
Kommunen er i startfasen med rulleringa av planen. Noverande plan gjekk ut i 2010 og det er svært viktig at arbeidet med nytt styringsdokument har kome i gang.
Dyrkorn strekkjer seg frå fjorden og oppover fjellsida, ligg vakkert og solrikt til. Nede ved fjorden er det teke vare på eit heilskapeleg kystmiljø.
På veg ut av andre vårmånaden, med lengt etter varmare dagar og mindre nattekulde, er vi på tur til Klevberg under blå himmel. Snøen i råsene er Bøygen for turar til sæters.
Berre å seie det som det er. Bygdarunden er bra men no er det på tide med anna gårute. Så vart det: Heime bra, men borte best – av og til.
Triveleg med kinobesøk som avslutning på palmesundag 1. april, ein dag full av sjarmerande ver-påfunn med tungt snøfall og vindkast rundt novene. Nokre minutt solstreif fekk vi òg.
I påskeveka tek vi ferie frå aktivitetane våre. Men tredje påskedag er vi i gang att.
Inspirerande dialogkonferanse tysdag 20. mars i Ålesund. Herifrå møtte det to deltakarar frå lokallaget vårt og ein frå kommunen.
Trø godt i bakken. Det er måndag og vandredag. Dag for dag gledde vi oss til våren etter kvart som tida kom mot oss.
Mat var temaet på medlemsmøtet i mars. Ernæringsfysiolog Malin Holmberg som er tilsett ved Muritunet gav oss atten frammøtte mykje god kunnskap om kosthald.
Femten nye lærevillige stordalingar vil skaffe seg datakunnskapar. Heller ikkje på det andre kurset for nybegynnarar, blei det plass for alle som melde seg. Det blir eit tredje kurs òg.
Måndagsgjengen er i rute på bygdavandringa. Presis klokka 10.00 er det avgang frå brua på Øvrebust. Vi kastar lengtande blikk opp i øvste lia. Auga søkjer etter sol.
Badegjengen er ivrige og nyt herlege 27 grader i bassenget på Muritunet. I dag, på sjølvaste skotårsdagen, er vi her for tolvte gong i denne badeserien.
På første datakurset for nybegynnarar melde det seg fleire enn det var plass til. Dermed var det duka for nytt kurs. Og i løpet av kort tid var dét kurset også fullteikna.
Første helgesamlinga var svært interessant og givande med engasjerte forelesarar. Dei gav oss god innføring i problematikken rundt demensråka og det å vere pårørande.
Datakurset for nybegynnarar er i full gang. Elleve melde seg og vi hadde plass til berre åtte. Men får vi tre deltakarar til, arrangerer vi eit nytt kurs straks.
Aktiviteten – aking i Grigås – har fast plass på årsplanen vår. I år er det andre gongen vi stiller opp med brett og akar. Det skal bli tradisjon.
Kontaktinfo
Leiar:
Ingrid Løset
6250 Stordal
Mob: 971 00 558
E-post: MH StordalStordalSPAMFILTER@mentalhelse.no
Konto:
3910 30 38646
Org.nr.:
896 128 132
Regionsekretær:
Sølvi HagensohSPAMFILTER@mentalhelse.no
+ 47 976 86 279
Kalender
24.05.2012
29.05.2012
06.06.2012
12.06.2012
Hjelpetelefonen
Mental Helse sin Hjelpetelefon er eit tilbod til deg som treng nokon å snakke med. Tilbodet er gratis og har fast tilsette rettleiarar som svarar deg heile døgnet kvar einaste dag heile året. Tenesta består også av to nettenester, sidetmedord.no og kameratstøtte.no.
Tankar
Den som forstår andre, er virkelig klok, men den som forstår seg selv, er enda klokere.
Galleri
Individualistar
Medlemsmøte
2. tysdagen i månaden frå kl 19.00 - 21.00 på ungdomsklubben. Juli er møtefri. Klikk her og les meir.

























