Hordaland

Mental Helse Radøy og Austrheim

Mental Helse Radøy og Austrheim vart stifta i 2005. Laget vart stifta i Radøy kommune. Men etter kort tid kom Austrheim med, og me gjekk saman i eitt lokallag som representerer brukarar og pårørande i begge kommunar. I løpet av desse åra har det vore inne fleire personar i ulike verv, men det har heile tida vore ein fast kjerne som har halde laget i gang. Med tanke på at me er tilhøyrande i to kommunar, er medlemstalet lågare enn det me ønskjer oss. Me vil jobbe for å verve fleire medlemer. Me vil veldig gjerne nå fleire brukarar, og nye ansikt med innspel og idear vil bli ønskt hjarteleg velkomne! Det er SÅ viktig at dei som er dei verkelege ekspertane på området, altså brukarane og dei pårørande, vert sett og høyrd! Openheit er også med på å bryte ned tabu, fordi det er med på å vise at psykiske helseutfordringar famnar om eit bredt spekter av mennesker, og ikkje berre dei ekstreme tilfellene som vert omtala i media. Mental helse handler om så mykje meir enn diagnoser. ALLE har ei mental helse!

Me treng deg - saman er me sterke!

Kontaktinfo

Leiar:
Wenche Frantzen
Dalland 62 B
5936 Manger

 

Organisasjonsrådgiver:

Mob: 900 88 649

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.