Hordaland

Flott tur til Tyssedal og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum laurdag 26.august 2017

Mental Helse Kvam arrangerte tur til Tyssedal og Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum laurdag 26. august. Vi reiste innom Sundal, Tyssedal og Odda på turen. Vi hadde fint ver heile tida, og hadde ein kjekk tur.

Turen starta med samling på Jondal ferjekai. Vi var 12 deltakarar som fordelte oss i bilane. Første stopp var Sundal der vi åt gode bollar og koste oss nede ved kaien. Så gjekk turen gjennom Folgefonntunnelen til Odda og Tyssedal. 

Ved museet i Tyssedal fekk vi omvising av ein kunnskapsrik guide. Vi fekk høyra historien om korleis kraftstasjonen vart planlagt for å dekka straum behovet til dei nye industrifabrikkane i Odda tidlig på 1900-talet. Anlegget stod ferdig i 1908 og byrja raskt med produksjonen. Det var imponerande å høyre om korleis arbeidarar la svære røyrgater i den bratte fjellsida ned til kraftstasjonen og korleis alt maskineri kom sjøvegen. Vi fekk også sjå hallen med generatorane og kontrollrommet. Under bygging vart det ikkje spart på utsmykkingar. Platene bak instrumenta i kontrollrommet var av marmor. Og flisene i hallen hadde eit forseggjort preg. Dette skulle vise at utbyggjarane satsa, og at Noreg gjekk inn i ei ny tid.

Til slutt fekk vi sjå ein film om utbygginga av vasskraft og industri i Tyssedal og Odda. Korleis naturen og samfunnet gjekk frå å vera viktig for turistar, til å verta eit industrisamfunn. Og kva dette hadde å seia for folk som budde der og for tilflyttarar. Det var eit interessant innblikk.

Då vi var ferdig i Tyssedal stoppa vi i Odda. Vi hadde bestilt bord på Smeltehuset Pizzeria nede ved rutebilstasjonen. Vel framme vart vi vist til eit konferanserom med gitarar og musikkhistorie på veggane. Vi hadde bestilt pizzabuffe. Då vi kom var det stor kø ved buffedisken. Britt tok ansvar og byrja organisera henting av mat for oss og for alle som stod i kø. Ho gjorde ein så god jobb at ho etterpå fekk fleire spørsmål frå gjester som trudde ho jobba der. 

Til slutt fekk alle som ville softis på Narvesen. Så reiste vi over Jondal og over Årsnes på heimturen.

Takk for ein hyggeleg tur.

Her er meir informasjon om Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum:  www.nvim.no 

Organisasjonsrådgivere

Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, Aust-Agder og Vest-Agder 

940 93 662

Akershus, Buskerud, Vestfold, Østfold og Telemark. 

901 02 844

Møre og Romsdal, Trøndelag, Hedmark og Oppland 

976 86 279

Oslo, Nordland, Troms og Finnmark

00 39 492

Rapportering i etterkant av årsmøtene

Følgende skjema sammen med Årsberetning, Årsregnskap og protokoll fra Årsmøtet sendes Mental Helse sentralt på

Velferdsmidler 2019 / rapportering 2018

Frist for søknad og rapportering er 15. mars. Bruk disse skjemaene:

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.